– Regjeringa bryt samarbeidsavtalen

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringa bryt samarbeidsavtalen

–  Det er håplaust å tildele løyve i dei mest sårbare områda, når det er avtalefesta at vi ikkje skal ha oljeverksemd kring iskanten, seier KrFU-leiar Ida Lindtveit, etter at olje- og energiminister Tord Lien i går delte ut utvinningsløyve i 23. konsesjonsrunde.

Det er første gong på over 20 år at det vert opna for oljeleiting i heilt nye område. Tre av ti nye utvinningsløyve gjeld det nyopna området i Barentshavet utanfor Aust-Finnmark.

Fleire miljøorganisasjonar er kritiske til tildelingane i Barentshavet, og fredag føremiddag er det planlagt ein «Storaksjon mot oljeboring i Arktis» utanfor Stortinget.

Leiar i KrFU, Ida Lindtveit seier ho reagerer sterkt på tildelinga. Ho er særleg oppgjeven av blokkene lengst nord, som er innanfor det Polarinstituttet definerer som iskanten. Både Polarinstituttet og Miljødirektoratet har rådd frå oljeverksemd i desse områda.

LES OGSÅ: Dei rikaste er klimaverstingar

–  Eg reagerer sterkt på at regjeringa vel å tildele dei mest sårbare områda heilt nord, trass i at vi har hatt ein diskusjon og det er avtalefesta at vi ikkje skal ha oljeaktivitet langs iskanten, seier Lindtveit til Framtida.no.

Er tildelinga eit brot på samarbeidsavtalen mellom regjeringa, Krf og Venstre?

– Det er ikkje opp til meg å vurdere. Det som er vesentleg er at regjeringa har tildelt område i sårbare område, som dei sjølv burde forstå skapar ein stor risiko for artsmangfald og økosystem. Ikkje minst er det vesentleg at AP står på sidelinja og jublar, trass faglege råd, seier Lindtveit.

 – No håpar eg KrF står sterkt på vårt grunnstandpunkt, som er at det ikkje skal utvinnast olje i desse områda.

«Driv med villeiing»
Det er første gong ei regjering opnar for leiting etter olje så langt nord på sokkelen.

Oljeminister Tord Lien sa under offentleggjeringa at forholda i områda i den norske delen av Barentshavet er heilt annleis enn tilsvarande område som ligg like langt nord.

–  Det er ikkje så spesielt som somme skal ha det til, sa Lien.

Det er leiar i Unge Venstre Tord Hustveit ikkje einig i.

– Her meiner eg oljeministeren driv med villeiing. Han har rett i at oljeutvinning i Barentshavet ikkje er like krevjande som i Alaska, men det er likevel meir krevjande enn i Norskehavet. Både Polarinstituttet og Miljødirektoratet peikar på at områda er særleg sårbare, med særleg mykje biologisk artsmangfald, seier Hustveit.

I tillegg til naturvernomsyn, er han oppteken av klimaaspektet ved tildelingane.

– Regjeringa går baklengs inn i framtida og binder oss til oljenæringa. Det er ikkje det vi treng no. Vi treng omstilling, og då kan vi ikkje bruke ressursane til å bore langt nord.

Hustveit meiner regjeringa må reversere tildelingane av dei nordlegaste blokkene, og forventar at Venstre tek kampen.

– Mitt innspel er at dette er eit brot på samarbeidsavtalen. Så må partileiarane setje seg ned og finne ut kva det tyder.

LES OGSÅ: Steilar etter opning av nye oljefelt