«Beaching» er farleg for menneske og miljø

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Beaching» er farleg for menneske

Denne saka var først publisert i Vikebladet.

Opphogging av gamle skip, såkalla, «beaching», slik det går føre seg på strendene i Asia, er farleg for menneske og miljø.

Majoriteten av alle skip som blir skrota blir plukka frå kvarandre på heilt usikra vis, av arbeidarar utan verneutstyr, på strender der alle miljøgifter renn rett ned i sanda og blir vaska ut i havet. Yrket blir omtala som verdas farlegaste, skriv KLP i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Kjempar for menneskerettar

– Med ein ny skipsfartskrise på gang er det truleg at endå fleire skip blir sendt til opphogging. Med det vil også denne industriens miljø- og menneskerettsproblem auke, seier juridisk rådgjevar Aase Gundersen i International Law and Policy Institute (ILPI).

ILPI er engasjert av KLP for å utarbeide ein rapport om praksis rundt skraping av skip i Bangladesh, India og Pakistan med omsyn til risikoen for menneskerettar og miljø.

LES OGSÅ: «Grøn industri – orda som smakar fridom»

– Eit stort antall menneske blir skadde og mistar livet kvart år i det som blir kalt verdas farlegaste yrke. Asbest og andre miljøgifter sleppest ofte rett ut i tidevatnet, seier Gundersen.

Farleg for menneske og miljø
Temaet vart særleg aktuelt i fjor då det norske Rederiforbundet vart verdas føste til å åtvare medlemene sine mot "beaching" av skip.

Beaching inneber opphogging på strendene utan faste arrangement for oppsamling og handtering av farleg og forureinande avfall, slik det stort sett blir praktisert i Bangladesh, India og Pakistan.

Hovudkonklusjonen i rapporten til ILPI er at opphogging slik det går føre seg på strendene i Asia er farleg for menneske og miljø.

LES OGSÅ: Dei rikaste er klimaverstingar

Sikre fakta og dei alvorlege konsekvensane både for miljøet og menneskerettane er vanskeleg å oppdrive. Det er vedtatt nytt internasjonalt regelverk, men dette har førebels ikkje tredd i kraft.

Ansvaret sluttar ikkje når skipet er stranda
Både investorar og sivilsamfunnet har byrja å stille krav til reiarane.

– Ansvaret til skipsindustrien sluttar ikkje i det skipa blir lagt igjen på ei strand i India, Pakistan eller Bangladesh, sjølv om skipa kan skifte eigar fleire gonger før det ender opp på eit opphoggingsverft, seier Jeanett Bergan, leiar for ansvarlege investeringar i KLP Kapitalforvaltning.

ILPIs rapport “Shipbreaking practices in Bangladesh, India and Pakistan. An investor perspective on the human rights and environmental impacts of beaching", strekar under alvoret i situasjonen.

LES OGSÅ: «Menneska kan få til utrulege ting om vi berre gidd»