Landets nest beste kampanje mot ruskøyring

Fire medium og kommunikasjon-elevar ved Volda vidaregåande skule tok 2.-plass i den landsomfattande anti-ruskøyring-tevlinga til MA-ungdom, «Deathtrip». Det hadde dei ikkje sett kome.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kampanje mot ruskøyring

Denne saka vart først publisert på mre.no.

– Då vi fekk beskjed om at vi var vidare til finalen, lurte vi på kva for finale. Kva har vi laga?

Dei fire elevane ved Volda vidaregåande skule, Hallvard Widerøe Rotevatn frå Volda, Helene Dammerud frå Ulsteinvik, Chris Skjærvik frå Volda og Elias Nygård frå Eidså, hadde rett og slett gløymt at dei deltok i ei tevling om å lage haldningskampanjar mot ruskøyring, kalla Deathtrip.

To veker i forkant ringde plutseleg telefonen om at dei var blant dei ti beste og var inviterte til Filmens hus i Oslo. Der gjekk dei på scena for å ta imot sjekken på 15.000 kroner for 2.-plassen i den landsomfattande konkurransen.

– Det var i grunnen berre eit sideprosjekt vi laga før jul. Vi hadde to-tre veker på oss til å fullføre det, seier Helene.

Les også: Ein av fem gutar gjer som Andreas

Film, lyd og plakatar
Og det gjekk jo bra. Etter at dei ti finalegruppene etter tur hadde presentert produkta sine, det vere seg filmar, lyd, plakatar eller andre medieprodukt på scena i Filmens hus i Oslo, las juryen opp dei tre beste. Og på 2.-plass blant dei mange gruppene frå innleiingsvis 40 vidaregåande skular frå heile landet var det ei av gruppene ved Volda vgs. som fekk 2.-plassen og 15.000 kroner.

– Kvifor kom de så langt med filmen, lydklippet og dei to plakatane dykkar, trur de?

– Eg trur det var fordi få hadde brukt illustrasjonar og animasjon, som vi hadde. Ikkje i finalen, iallfall. Og fargane våre var lilla, grønt og gult. Det er ikkje kjempevanleg i slike kampanjar, som vanlegvis har raudt, kvitt og svart i seg. Vi skilte oss truleg ut der, vurderer Helene, som seier seg mest nøgd med filmen på ni sekund, som ho brukte lang tid å gjere ferdig.

Les også: Får 20.000 for rusfri føraropplæring

Utilsikta humor?
«Bli lam frå livet og ned?», høyrer vi stemma til Hallvard. Så kjem eit kortvarig bilde av ei animert front mot front-ulukke. «Eller ta bussen?», held stemma fram, og bussen køyrer forbi. «Valet er enkelt. Ikkje køyr rusa», lyder den korte og konsise bodskapen til slutt. Han er ikkje til å tvile på.

Juryen meinte elevane hadde brukt humor, men det meinte dei ikkje sjølve, forklarer Hallvard, som på grunn av si autoritære radiostemme, ifølgje dei hine, fekk pratejobben.

– Humor og humor. Vi brukte ei lettare stemning enn dei andre. Vi prøvde ikkje å skremme eller verke moraliserande, seier Helene.

Les også: Krev alkolås og fartssperre

Håpar å sjå han att
Det er fyrste gong Volda vgs. tek del i tevlinga. Og det vert ny runde neste år, forsikrar faglærar for medium og kommunikasjon Håvard Krøvel-Velle. No håpar elevane at dei ser att filmen dei har laga, som MA-ungdom no sit med rettane på.

– Vi laga filmen så kort for å kunne bruke han på YouTube, som reklame før videoen ein skal sjå. Når han er så kort som ni sekund, kan ikkje kan verte klippa vekk heller. Ein må sjå heile, og då får ein med seg bodskapen. Grunnen til at han er så konsis, er også at bodskapen ikkje skal verke kjedeleg, forklarer Hallvard.

Taktikken gav altså 2.-klassingane 2.-plass i den landsomfattande konkurransen. Produkt frå alle dei 40 skulane som bidrog, vert viste fram under bussturen «Deathtrip on the road» i regi av MA-ungdom i sommar.

Dei 15.000 kronene i premiepengar er enno ikkje bestemte kva skal brukast på. Dei vert med vidare i klassekassa til 3. og siste året ved Volda vgs.