Roy-Arne Folkestad, Møre-Nytt
Roy-Arne Folkestad, Møre-Nytt

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

I Bjørdalen bur det verkeleg ein ærleg fotballspelar: Då midtbanespelaren på Ørsta sitt 11-årslag spelte kamp mot Folkestad måndag, skåra Eirik – og dommaren godkjende målet. Men så skjedde det uvanlege: Etter at Eirik skåra, gjekk han bort til dommaren og sa han burde annullere målet fordi det var angrep på målvakta. Dommar Stig Helland annullerte målet og dømde frispark til Folkestad.

– Målvakta hadde ballen i hendene og eg nikka ballen i mål. Det var ikkje fair play, reflekterer den ærlege fotballspelaren.

Han hadde ikkje noko god kjensle etter å ha skåra dette målet.

Det var NRK Møre og Romsdal som skreiv om saka først.

– Eg ville ha fått dårleg samvit etter kampen, og det ønskte eg ikkje. Eg ønskjer at alle fotballkampar skal vere prega av fair play. På den måten vil få eit betre fotballsamfunn, seier den «vaksne» guten.

Den framifrå framferda på fotballbana har skapt mange positive reaksjonar. Og på Facebook har det hagla med fine tilbakemeldingar. Også fotballkrinsen har lagt merke til Eirik si framferd på bana.

Dommar Helland skreiv til Sunnmøre fotballkrins om opplevinga.

– Eg tenkte då eg kom heim at dette er så utruleg fint gjort at det fortjener ekstra merksemd.  Så det første eg gjorde tysdag morgon var å sende e-post til krinskontoret og fortalde om den positive opplevinga. Krinsen tok hjerteleg imot dette og har formidla det godt, fortel Helland til Møre-Nytt.

LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett

Han synest dette er eit fantastisk eksempel på fair play.

– Og denne guten bør vere eit forbilde for både andre barn og oss vaksne. Eg ville iallfall vere svært glad for, og stolt over, å ha ein slik lagkamerat.

Dette viser også kva som blir lagt vekt på på treningane og at trenarar formidlar ein bra bodskap.

Og det er ekstra kjekt å være dommar med slike opplevingar! Seier Helland.

Fotballkrinsen er også imponert:

– Denne 11-åringen er årets førebilde i fotballen, utan tvil, seier dagleg leiar i Sunnmøre fotballkrets, Bjørn Oskar Haukeberg til NRK Møre og Romsdal.

Krinsen avviklar tusenvis av kampar kvart år i barnefotballen. Erfaringa er at det sjeldan oppstår krangel og munnbruk i breiddefotballen.– Dei fleste kampar går føre seg i god fair play-ånd. Det uvanlege i denne saka er at guten torde seie frå til dommaren, seier Haukeberg. Han meiner at dette er eit strålande døme på at fotballen kan vere svært annleis enn den folk ser på tv.

Det høyrer med til historia at Ørsta sitt sjuarlag vann overlegent kampen mot Folkestad. Ørsta-laget er suverene i serien, og har utklassa alle lag dei har spelt mot.

LES OGSÅ: Skulane favoriserer fotball

Ambisjonar
Eirik Grevsnes Bjørdal, ihuga Liverpool-tilhengar som har profilert fotballspelar Svein Erik Grevsnes til pappa, har ambisjonar som fotballspelar.

– Eg vil nå lengst mogleg, og verte proff. Det krev mykje trening. Men eg skal klare det, sjølv om eg ikkje skal slurve med leksene!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09
ANNONSE