Rektorar vil avvikle russefeiringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Russefeiringa øydelegg svært mykje for læring og konsentrasjon dei siste månadane av det siste skuleåret, seier rektor ved Lørenskog vidaregåande skule, Atle Solberg Berland, Aftenpostensom har spurt norske rektorar om kva dei tykkjer om russefeiringa.

LES OGSÅ: Seier nei til eksamen før russefeiringa

Fleirtal for endring
Litt under halvparten av rektorane svarte på spørsmåla frå Aftenposten. Blant 200 svar er det 77 som meiner russetida bør avviklast. Det utgjer 38,5 prosent.

Nesten éin av tre, i alt 54 rektorar, synest ikkje feiringa bør avskaffast.

20 prosent meiner feiringa av at 13 års skulegang er over, bør regulerast eller endrast betydeleg. Dermed er det eit fleirtal som ikkje ønsker å halde på feiringa slik ho går føre seg i dag.

Det var også fleire rektorar som svarte «veit ikkje» eller at det ikkje er opp til rektor eller skulen å bestemme.

LES OGSÅ: Vil flytte eksamen til før 17. mai

Meir høgtid
Rektor ved Lørenskog vidaregåande skule skulle gjerne erstatta heile feiringa med ei meir høgtideleg markering, som elevane og skuleleiinga kunne planleggje og gjennomføre saman.

Gruppepress, fyll og pengebruk er blant argumenta mot russetida i dag, og at feiringa går ut over både skulearbeid og eksamensresultat. (©NPK)