Vil ha flyktningmødrer i utdanning tidlegare


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Flyktningmødre i utdanning tidlegare
– Eg vil no føreslå at kvinnene skal bli pålagde å delta delvis på introduksjonsprogrammet mens dei er i mammapermisjon, seier innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) til Dagbladet.
LES OGSÅ: «Skikkeleg irriterande folk»
– Det at kvinner gjer det dårlegare enn menn på introduksjonsordninga, heng blant anna saman med at dei får barn, og dermed kan vere bort i ti månader. Då går dei glipp av viktig opplæring, seier Listhaug.
I dag blir det gitt det permisjon frå introduksjonsprogrammet viss deltakaren får barn, og det ikkje er mogleg å delta på deltid. Det er dette Listhaug no vil endre. Ho ønskjer at kvinnene startar på programmet «langt tidlegare» enn etter ti månader.
LES OGSÅ: Duka for nytt asylbråk i Stortinget