Barbie reddar verda med slumfies

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Jesus. Adventures. Africa. Two worlds. One love. Babies. Beauty. Not qualified. Called. 20 years young. It's not about me…but it kind of is.»

Slik vert Instagram-profilen Barbie Savior introdusert.

Profilen harselerer med frivilligturistar, som har med seg selfie-stang i bagasjen og tek slumfies i Afrika.

LES OGSÅ: Frivillig – fordi eg fortener det

Draumen om Afrika
På to knappe månadar har Barbie Savior fått 85.000 følgjarar, som er med på reisa frå Amerika til Afrika. Her finn ho meininga med livet, medan ho tek bilete av born med floger i andletet, adopterer ei løve og tatoverer kontinentet på brystet.

I eit eksklusivt intervju med nettstaden Culture Stories, fortel Barbie korleis ho forelska seg i Afrika etter å ha sett Løvenes konge.

– Frå første gong eg såg filmen, visste eg at eg ein dag ville reise til Afrika. Etter kvart som eg vart eldre, lærte eg om fattigdommen og elendigheita som herjar heile landet. Sjølv om eg ikkje har noko opplæring i det heile, veit eg at løysinga på alle problema her ligg i meg, forklarar Barbie Savior.

LES OGSÅ: Reising med meining

Bak-kvinnene
Ifølgje nettstaden Quartz er det to jenter i 20-åra med erfaring frå hjelpearbeid i utlandet, som står bak profilen.

Dei håpar at Barbie Savior skal skapa diskusjon rundt kva som er akseptabel åtferd utanlands.

– Det verkar nesten frekt eller slemt å stilla spørsmål ved ein velmeinande person sine motiv eller handlingar. Men realiteten er at når andre menneske sine liv står på spel, er det berre rett at spørsmåla blir reist og folk heldt ansvarleg for sine haldningar, seier dei anonyme skaparane til nettstaden.

Dei understrekar at dei ikkje rår folk frå å hjelpe andre, men vil skapa debatt om korleis ein kan gjera dette på best mogleg måte. 

Teksta held fram under bileta:

Dyre frivilligturar
Organisatorisk nestleiar i SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond), Martine Jahre, tykkjer Barbie Savior treff spikaren på hovudet med sin harselas med white savior-komplekset og bileta som vert lagt ut på sosiale medier frå ulike volontør-turar.

Ho understrekar at det er utruleg bra at folk er frivillige og engasjerer seg, men at ein bør stille spørsmål ved metodane. 

Jahre meiner at mange av 18-19-åringane, som betalar dyrt for å få arbeide frivillig nokre veker, til dømes på barneheimar eller som engelsklærar i utviklingsland, ikkje nødvendigvis har den kompetansen og dei eigenskapane som skal til for å utføra jobben.

– Då er det betre å bruka dei pengane ein bruker på slike turar til å tilsette lokale lærarar, som kan språket og har høve til å følgja opp borna. Barn i utsette grupper treng ikkje ein nordmann som er på ferie i to-fire veker. Poenget er at ein ikkje skal gjere meir skade enn godt. Det er viktigare enn at folk skal få ein ferie med meining, seier Jahre.

LES OGSÅ: Tar eit oppgjer med stereotypiar

#Slumfie
Nestleiaren i SAIH kjenner ikkje til uttrykket slumfie frå før, men skjønar instinktivt kva det er.

– Når ein tek ein slumfie er det eit spørsmål om samtykkje. I Noreg treng ein skriftleg samtykkje frå foreldra for å ta bilete av born, men når det er born i utviklingsland bles ein fullstendig i det. Det er ei kjensle av oss og dei – folk føler seg overordna og det er heilt andre reglar som gjeld. Det er eit snev av rasisme, som ikkje er til å kome unna.

I tillegg til nestleiarvervet er Jahre prosjektleiar for Radi-Aid, som på same måte som Savior Barbie bruker humor for å setja fokus på korleis den kvite manntek på seg oppgåva med å ”reddaAfrika”.

I 2012 gjekk kampanjevideoen «Africa for Norway» viralt med over 3 millionar visningar. To år seinare laga dei «Who Wants to be a Volunteer», som harselerer med kunnskapsmangelen om det afrikanske kontinentet:

Jahre trur at mykje av grunnen til at slike kampanjar slår så godt an er at folk både ler og kjenner seg att. 

LES OGSÅ: Naudhjelp til Noreg vekkjer oppsikt

Frivillig framtid
I tillegg deler SAIH kvart år ut prisane The Rusty Radiator og The Golden Radiator – som vert delt ut til den verste og den beste bistandsvideoen. Dei ser ei positiv utvikling der dei får inn færre nominasjonar til verstingprisen og at kvaliteten går opp på dei gode videoane.

Jahre trur ikkje nødvendigvis at me vil sjå ein nedgang i frivilligturismen og industrien rundt med det første, men at slike kampanjar kan setje i gong ein positiv prosess.

– Kampanjar som Barbie Savior er gode tiltak for å få folk til tenkja  seg om to gonger før ein reiser på ein slik tur, som ein gjerne betaler mykje pengar for. Nokre organisasjonar er gode og berekraftige, medan andre er heilt uforsvarlege. 

QUIZ: Kva veit du om Afrika?