Håpar på 25.000 frivillige strandryddarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor var oppunder 20.000 frivillige med på over 850 ryddeaksjonar over heile landet. Med den store merksemda rundt aksjonsdagen i år, har prosjektleiar for strandryddedagen i Hold Norge Rent Malin Jacob godt håp om å få med 5.000 til.

– Det er mykje køyr no. Det er kjempebra! seier Malin Jacob.

– Eg trur at merksemda rundt marin forsøpling og strandrydding dei to siste åra har fått folk til å forstå at ryddinga ikkje berre handlar om å ha eit fint miljø, men at forsøplinga har store konsekvensar for dyreliv og økosystem.

Jacob skal sjølv markere ryddedagen i Trondheim, der Den Norske Turistforening arrangerer det dei kallar Barnas Store Fjæredag med strandrydding i kombinasjon men spennande opplegg om livet i fjæra og i havet mynta på barn. Der er det venta rundt tusen deltakarar.

LES OGSÅ: Mikroplasten truar livet i havet

Nord-Noreg flinkast
Også rundt dei andre storbyane er det mange ivrige hender som skal ut å rydde strender, men dei flinkaste av alle er nordlendingane, ikkje minst tromsøværingar og lofotværingar, fortel Jacob.

– Vi har ryddeaksjonar over heile Noreg og i alle fylke, sjølv dei som ikkje har kystlinje. Men Nord-Noreg har peika seg ut med særleg mange aksjonar. Det har å gjere med at mellom andre Lofoten Avfallsselskap, Iris Salten og mange andre lokale aktørar har jobba med ei skikkeleg mobilisering, seier prosjektleiaren.

I innlandet stiller folk opp for å samle søppel langs innsjøar og vassdrag, slik som Mjøsa, Aurdalsfjorden i Valdres, Eidfjordvatnet i Hardanger og Selbusjøen i Sør-Trøndelag.

LES OGSÅ: 2050: Meir plast i havet enn fisk

Europeisk aksjonsdag
Strandryddedagen er eigentleg ein europeisk aksjonsdag, European Clean-Up Day, som i fjor samla over ein halv million menneske til innsats i heile EU. Også der handlar det mykje om forsøpling av havet, men òg om avfall i skog og mark. I Noreg har Hold Norge Rent førebels valt å konsentrere seg om havet.

– Grunnen er at vi har ei veldig lang kystlinje, og dessutan at vi er ein nokså liten administrasjon. Derfor har vi måtta gjere nokre prioriteringar, og da har kystlinja vorte vår prioritering, seier Jacob.

– Vi håper at vi etter kvart også kan gå laus på andre ting, slik som villfyllingar og anna forsøpling enn den som er langs kysten.

Men om nokon skulle finne på å nytte strandryddedagen til å rydde i skogen, er det ikkje Jacob imot.

– Nei, på ingen måte. Rydd overalt! seier ho.

Kongeleg utstillingsopning
I år får elles strandryddedagen ekstra draghjelp frå kronprinsparet og Norsk Maritimt Museum i Oslo. Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit opnar onsdag utstillinga Håp for havet?

– Ja, det blir veldig spennande. Det er kjempespennande at Norsk Maritimt Museum vel dette som eit tema for ei utstilling. Det viser at engasjementet og opplysinga om marin forsøpling har auka mykje. Det er vi veldig glade for. Dei er veldig dyktige. (©NPK)

LES OGSÅ: Fiskarar bidreg til reinare hav