Ho er ung og lovande

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjersti Rorgemoen får Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for 2016.

Det er forlaget Kolon som har Rorgemoen i sin forfattarstall.

Prisen blir delt ut årsmøtet til Det Norske Samlaget og går annakvart år til ein yngre, lovande forfattar.

LES OGSÅ: Ikkje kvit, cis eller mann?

Forfattaren er busett på Tvigyva i Tokke. Ho debuterte i 2009 med «Purkene snudde seg», som fekk svært god mottaking frå bokmeldarane.

Blant anna skreiv Aftenpostens bokmeldar at romanen er både stram og gjennomarbeidd og likevel «løssluppen» og fylt av digresjonar.

Dagblad-kritikaren beit seg også merke i debuten, og skreiv: «Det spesielle og særdeles vellykkede med denne svært morsomme rariteten er Rorgemoens perfide selvironiske akademiske analyse av sitt og andres lille liv».

Rorgemoen følgde opp med romanen «Håpet og festen», som kom med kåringa til ei rad bokmeldarar av dei beste bøkene i 2015.

Forfattarar har tidlegare vore redaksjonsmedlem av fanzinen Ikke til heimlån og i Vagant.

LES OGSÅ: Don Quijote toppar tvilsam liste