Alle desse syklistane er i blindsona

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den farlege blindsona

Statens vegvesen ønskjer å retta merksemda mot samspelet mellom syklistar og bilistar i kampanjen «Del vegen».

Tala som Statens vegvesen har henta inn viser at berre tre av ti syklistar alltid held seg bak kassebilar og store bilar for å unngå blindsonen.

Berre tre av ti sjåførar er medvitne på bilen si blindsone.

– Det er når bilisten ikkje ser syklisten, at det verkeleg kan gå ille, seier Signe Gunn Myre i Statens vegvesen.

LES OGSÅ: – Menn bør ikkje få lappen før dei er 23 år

– Som syklist må du halda deg bak store bilar. Som bilist må du hugsa blinklys. Dei fleste sykkelulukker skjer i kryss, i bynære strøk og i fullt dagslys, seier Myre.

Blindsona ved sida av bilar er større enn mange trur. Statens vegvesen sjekka, og fekk plass til over 30 syklistar i blindsona. Resultatet er ein ny film, som skal gjera syklistar og bilistar meir merksame på blindsonen.

– Stadig fleire syklar, og målet er at delen som syklar skal halda fram å auka. Vegen må romma fleire trafikantgrupper, me må dela på vegen. Syklistar og bilistar må ha kunnskap om kvarandre sine behov og føresetnader, slik at me unngår farlege situasjonar, seier Myre.

LES OGSÅ: Typisk norsk å bli påkøyrd i gangfelt

LES OGSÅ: El-sykkel kan bli konkurrent til bilane