Typisk norsk å bli påkøyrd i gangfelt

Fotgjengarar føler seg så trygge at dei ikkje stoppar eller ser seg for når dei kryssar vegen i gangfelt. Dessverre er det ikkje slik at køyretøy alltid stoppar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Typisk norsk å bli påkøyrd her

På Trafikkofrenes dag torsdag har Stavanger Aftenblad nyheita om at dei kvite stripene i vegen nærmast verkar mot si hensikt.

– Mange ulykker, og spesielt dødsulykker, skjer i gangfelt. Årsaka er at dei fleste i Noreg kryssar vegen på gangfelt dersom det finst, seier Ingrid Lea Mæland, leiar i Trygg Trafikk Rogaland.

Måndag morgon vart seks personar påkøyrde i Rogaland, ifølgje politiet skjedde det «stort sett i fotgjengarfelt».

Fordi køyrande har vikeplikt for fotgjengarar i gangfelt, er det mange gåande som ikkje stopper før dei skal krysse vegen.

– Den falske tryggleiken i gangfelt handlar om nokre gåande som dreg det litt langt og stormar ut. Ein må ta ansvar som fotgjengar også, seier Rune Svensen, som leier trafikkseksjonen ved Rogaland politidistrikt. (©NPK)

Les fleire saker om trafikktryggleik her!