«Bruk røysteretten 19. mai»
Ørsta ungdomsråd oppmodar ungdomane i kommunen til å seie si meining i folkerøystinga om kommunesamanslåing.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka vart først publisert på morenytt.no.
16-åringar i Ørsta kan røyste om kommunesamanslåing.
Onsdag føremiddag heldt Ørsta ungdomsråd stand på Ørsta vidaregåande skule. Dei informerte elevane om folke- røystinga om kommunesamanslåing, og hadde med seg ordførar Jørgen Amdam i Volda, ordførar Stein Aam og varaordførar Karen Høydal i Ørsta til å svare på spørsmål som elevane hadde.
Les også: Fryktar for nynorsken ved kommunesamanslåing
Kristian Bjørkedal frå Volda og Mathea Blomberg frå Ørsta var begge klare på Volda og Ørsta ikkje bør slåast saman.
– Volda er Volda, og Ørsta er Ørsta. Slik kjem det alltid til å vere, sa Blomberg.
– Er kommunereforma noko som ungdomane i Ørsta er opptekne av?
– I ei periode var kommunesamanslåing noko som alle snakka om, sa Blomberg og Bjørkedal som ikkje hadde bestemt seg for om dei skulle stemme i folkerøystinga.
Les også: Ungdom mot kommunesamanslåing
Ulike meiningar
Leiar Lisa Follestad i Ørsta ungdomsråd har lagt merke til at det er ulike meiningar blant ungdomane om kommunereforma.
– Eg merkar at nokre er positive og at nokre er negative. Vi prøver å få løfta temaet her i dag slik at ungdomen veit om det. Det vert røysting 19. mai, men det skal og vere førehandsrøysting på Ørsta vidaregåande skule.
Ungdomsrådet har lansert ein Instagram-konkurranse som dei vonar vil skape engasjement rundt kommunereforma.
– Vi ynskjer at dei som tek del vil dele lause tankar og bilete om kommunereforma. Bileta treng eigentleg ikkje å vere direkte knytt til kommunereforma, men vonar at dette kan vere med å løfte temaet opp, sa Follestad som også kan lokke med fine premiar i konkurransen.
Les også: «Verkar som staten pressar kommunane utan forklaring»
Ordførar Aam var udelt positiv til initiativet frå Ørsta ungdomsråd.
– Eg trur at dette er nødvendig. Eg har snakka litt med elevane og viss vi skal klare å dei unge til å ta del i folkerøystinga, så må vi vere med og oppmode dei. Ungdomane har meiningar rundt temaet, og dette var eit bra initiativ og denne gruppa trenger det.