«Verkar som staten pressar kommunane utan forklaring»
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I Aurland skal folket røysta om dei vil stå åleine eller slå seg saman med nabokommunane Vik i Sogn og Fjordane og Voss i Hordaland den 23. mai. Alle som har fylt 16 år, har lov til å stemme.
Det betyr at berre to av ungdommane i elevrådet på Aurland barne- og ungdomsskule har lov til å stemme.
– Eg ville brukt stemma mi om eg hadde hatt stemmerett. Det er nok rimeleg at det er ei 16-årsgrensa, men det er samstundes litt irriterande å ikkje vera gamal nok. Akkurat no skulle eg ønskja at det var 15 år som var grensa, seier Stein Joar Kvam (15) som går i 9. klasse.
Viktig for dei unge
Dei seks elevane frå elevrådet er samde om at utfallet av kommunereforma er viktig for deira framtidige utdanning. Til hausten skal to av elevane byrja på vidaregåande og må difor velja om dei skal til Voss eller Sogndal, sidan Aurland ikkje har eigen vidaregåande skule.
LES OGSÅ: Motmakta kjem til å vakne
– Det fleste reiser til Sogndal, men eg trur ein del kunne tenkt seg å reise til Voss. Men slik systemet fungerer i dag, så hamnar me nederst på lista. Dersom Aurland slår seg saman med Vik og Voss, vil me hamna nederst på lista til Sogndal vgs, seier Margrethe Tokvam (15).
Aurland ligg heilt på grensa til Hordaland fylke. Om folket i kommunen bestemmer seg for å slå seg saman med naboane, kan det bety flytting av fylkesgrensene.
– Eit av problema som uroar meg, er om dei mindre skulane i kommunen blir lagt ned og at dei yngste elevane då må reisa langt for å gå på skule, seier Kvam.
Halda på identiteten
Eit av forslaga til samanslåing som vart lagt fram i kommunestyret tidlegare i år, var å slå seg saman med nabokommunane Årdal og Lærdal i Sogn og Fjordane.
– Me har mykje meir til felles med Årdal og Lærdal, men ingenting felles med Voss. Det at me har mykje av den same identiteten, hadde vore ein fordel. Alle tre bygdene er i tillegg kraftkommunar, noko me kunne bygd vidare på i framtida, seier Kvam.
Både Kvam og Tokvam er samde om at ulempa med å gå denne vegen er at både Årdal og Lærdal er ustabile økonomisk sett, kontra Aurland som er ein rik kommune.
– Voss er eit betre økonomisk alternativ enn Årdal og Lærdal. Voss er derimot ein veldig stor plass i forhold til oss. Me hadde vore meir likestilte med Lærdal og Årdal, seier Tokvam som også skulle ønskja ho kunne ha stemt om ho hadde hatt moglegheit.
Skulane i dei tre kommunane i Sogn og Fjordane samarbeida mykje om ulike aktivitetar i og utanfor skulesamanheng.
– Me ville ikkje blitt ein utkant med Lærdal og Årdal slik som me vil bli med Voss. I tillegg kjenner me ikkje elevane frå Voss eller har noko med dei å gjere. Me er meir kjent her i Sogn og har vår eigen bygdeidentitet, seier Kvam som ønskjer å bli buande i Aurland når han blir eldre.
Mistar jobbar
Ein av bekymringane til ungdommane er at Aurland kan tape mange administrative jobbar dersom dei vel å slå seg saman med Voss og Vik.
– Bror min jobbar i kommunen og han må sikkert flytta om me sler oss saman med Voss. Eg meinar Aurland kjem til å tapa mykje på å slå seg saman med dei. Alt blir flytta til Voss. Aurland sentrum kjem til å bli forlatt og sentrum flytta vekk. Voss kjem til å tappa oss, seier Tokvam.
Regjeringa har annonsert at dei vil overføra nye oppgåver til kommunane som sler seg saman.
– Eg trur desse oppdraga blir vanskelege og tøffe å løyse åleine, seier Tokvam.
For ho vil alltid Aurland vera heimbygda.
10-klassingen Christopher Skjerdal (16) fortel at det berre var ein i klassen som var for samanslåing då samfunnsfagklassen hans diskuterte saka.
– Rådhuset blir sikkert flytta til Voss og då har me ikkje same kontrollen på det som skjer i Aurland. Eg ser ikkje noko fordelar ved å ha store einingar, det kan resultere i at mindre stader blir gløymd, seier han.
Høyrer på familien
Elevane forklarar at det ikkje har fått noko særleg informasjon om kommunesamanslåinga på skulen, sjølv om fleire av elevane kan stemme i den komande folkerøystinga. Ingen av politikarane i kommunen har heller vore å informert om alternativa som kan vera med på å forma framtida deira.
– Det er framtida vår det er snakk om, så det er ganske viktig, seier Tokvam.
Fleire av elevane har fått informasjon om kva som skjer i heimane sine.
LES OGSÅ: Flyttar statlege arbeidsplassar ut av Oslo
– Eg tenkjer ein del på kva familien min har tenkt før eg tek avgjersla mi. Me diskuterer det ein del heime. Eg veit ikkje mykje om fordelane ved å slå seg saman. Det verkar som om staten pressar kommunane til å slå seg saman utan å fortelja så mykje om kvifor me burde gjera det, seier Skjerdal.
Til hausten flyttar han til Sogndal for å gå bygg og anlegg.
– Eg kjem til å bruka stemma mi og har sjølvsagt høyrd på familien, men eg har tenkt å ta mitt eige val. Sjølv er eg ganske sikker på kva eg kjem til å stemma, seier Tonje Stegen (16).
8.-klassingane Sara Karlsen Høydal (13) og Simen Kjos Merkesdal (13) trur begge det hadde vore gøy å fått lov å stemma.
– Om eg hadde fått sjansen, ville eg ha stemt, seier Merkesdal som godt kunne tenkt seg å bli verande i Aurland.
–Mindre attraktivt
Skjerdal trur at det framleis vil vera arbeidsmoglegheiter i Aurland sjølv om kommunen vel å slå seg saman med andre.
– Dei kan ikkje flytta kraftverket her inne. Men det er nok fleire kommunale jobbar som forsvinn. Det er fritidsklubben for ungdommar eg er mest beskymra over at dei legger ned. Mange nyttar den, så det hadde vore domt om den forsvann seier Skjerdal.
Han meiner dei nye grensene kjem til å bli veldig rare om Aurland sler seg saman med Vik og Voss.
– Det er langt å køyra til Vik. I tillegg trur eg det vil bli mindre attraktivt å bu i Aurland om me sler oss saman med Voss. Det er kanskje lettare å slå seg saman andre stader i Noreg enn akkurat her på Vestlandet, det er for mange hindringar. Anten er det ein tunnel som manglar eller så er vegen stengt seier Skjerdal som godt kunne tenkt seg å koma tilbake til Aurland etter å ha budd nokre år utanfor kommunegrensa.
Faktaboks
23. mai er det folkerøysting om kommunereforma i Aurland konmune i Sogn og Fjordane og ei rad andre kommunar i Noreg.
I Aurland skal dei stemme over om dei vil slå seg saman med Vik kommune og Voss kommune eller om dei vil stå åleine.
Alle over 16 år kan stemme.
Nær 200 kommunar skal ha folkerøysting om kommunesamanslåing. Mange av dei har innført stemmerett for dei som er 16 år. Sjekk heimesidene til kommunen din om du har høve til å røysta!