Fanfare kåra til årets tidsskrift

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 «Fanfare er kåra til årets tidsskrift! Heilt utruleg hyggjeleg! Me deler prisen med alle dei dedikerte, talentfulle og meiningsberande menneskjer som har bidrege mellom permane. Me diggar dykk!» skriv Fanfare på sine Facebook-sider.

Den kreative, lett aktivistiske og varierte bruken av sjanger, stil og visuelle verkemiddel gjer at tidsskriftet evnar å diskutere kultur på ein annleis måte, meiner Tidsskriftforeininga, som deler ut prisen med støtte frå Norsk Journalistlag og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Bladet ser seg sjølv som «det sprøeste innslaget i jungelen av trykksaker».

– Fanfare har utvida horisonten i det kulturelle Noreg, skriv juryen i grunngivinga si.

Prisar får òg tidsskrifta Syn og Segn for god design, Tidsskrift for Norsk psykologforening for god fagformidling og konservatismetidsskriftet Minerva for sin tydelege posisjon som politisk arena.

Fanfare-redaktørane Synne Øverland Knudsen og Amalie Kasin Lerstang kan i tillegg til heideren gle seg over prispengar på 30.000 kroner til tidsskriftet. (©NPK)