(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

– Dataspelavhengnad førekjem mykje oftare blant yngre menn og blant dei som ikkje er i eit parforhold enn hos andre, seier forskar og klinisk psykologspesialist Cecilie Schou Andreassen, ved Institutt for samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen (UiB) til nettsida til universitetet.

LES OGSÅ: Amalie (18) kan tene 50.000 i månaden på dataspel

Over 20.000 menn og kvinner har deltatt i ei undersøking knytt til sosiale medium og dataspel. Studien viser at dataspelavhengnad er knytt til hyperaktivitet og ADHD-problematikk, tvangslidingar og depresjon.

– Spelemønsteret kan fungere som ein flukt frå eller meistring av underliggjande psykiske lidingar, i eit forsøk på å dempe ubehagelege følelsar og uro, seier Schou Andreassen.

Menn er generelt meir utsette for å utvikle eit problematisk forhold til dataspel, nettpoker og nettporno, ifølgje studien. For kvinner er det sosial medium, teksting og nettshopping som oftast kan skape avhengnad. (©NPK)

LES OGSÅ: Zombiespel inn i klasserommet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

ANNONSE