Dei fem jentene ligg på ryggen på scena i Sagene festivitetshus og pustar djupt. Teknikarar styrer på med stigar og lysekroner, og i eit hjørne står ei gruppe av arrangørane og pratar saman.

Dei verkar ikkje affiserte, dei fem som ligg i djup konsentrasjon. Nokre med augo att, andre med opne augo. Teaterinstruktør Rolf Kristoffer Mørch ber dei slappe av, i kjevar, augelokk, hårfeste og heilt ned i tærne.

I kveld er det premiere på «svart hav/hvitt skum: Den Lille Havfruen», der skodespelarane sjølv har skrive om eventyret om den lille havfrua.

LES OGSÅ: Smeltande is tippar kloden

Eksperimentelt teater + klimaendringar
Ideen er å kombinere eksperimentelt teater med klimaspørsmålet. Og la skodespelarane, som er mellom 14 og 19 år, sjølv forme stykket.

Kristine Elisabeth Opsahl (19) er til vanleg lærling i helsefagarbeid. På scena er ho prinsen.

I tillegg har ho vore med å lage delar av stykket. Scena handlar om at havfrua Ariel reddar prins Eric, før ho vert til skummet på bølgjene. Prinsen erklærer at han vil gifte seg med si redningskvinne, men kjenner ikkje att den lille havfrua.

  Han er litt dum også, seier Kristine.

Stykket brukar mange ulike teaterstilar, og i akkurat denne scena er det absurdisme som gjeld.

  Det er ein stil som tek utgangspunkt i dagens veremåte. Vi brukar daglegtale, snakkar i munnen på kvarandre og så vidare, fortel ho.

Saka held fram under biletet.

Skodespelarane i djup konsentrasjon.

LES OGSÅ: Veit ikkje kor mykje kol Kina bruker

Nye tankar
Amerikanske Gwethalyn Williams og Megan Clark er ekspertane på eksperimentelt teater, og samarbeider med Scenelusa Produksjoner om prosjektet NEXT (Norwegian Experimental Theater Project). Der får ungdom mellom 13 og 19 år lære, skape og utøve.

Arbeid med teater vert blanda med refleksjonar om menneskets rolle i møte med klimakrisa.

  Ein kan fortelje den same historia på mange ulike måtar. Ungdommane får skrive sine eigne historier og undersøker ei historie frå ulike perspektiv. Slik kjem dei i kontakt med krafta i eigne tankar, fortel Gwethalyn.

  Målet er å utfordre dei tradisjonelle forteljingane, og lage nye, kreative historier, fortel Megan.

«Den lille havfruen» er ei kjend historie, som mange kjenner godt – anten i Disney-format eller original. Megan og Gwethalyn trur både skodespelarane og publikum vil sjå historia med nye augo etter stykket.

  Historia verkar uskuldig, men er langt meir komplisert. I originalversjonen  gjev til dømes havfrua opp alt for å vere med prinsen, medan han får henne til å sove på golvet og behandler henne som eit kjæledyr, fortel Megan.

LES OGSÅ: Lærer studentane å kjempe mot klimakrisa

  Kultur påverkar ungdom. Då er det viktig å stille spørsmål ved korleis vi fortel historier i vår kultur, meiner ho.

Offer frå havet
Den lille havfrua ofrar alt for prinsen, slik mange også føler at det å handtere klimakrisa inneber å gjere offer. Ifølgje skodespelar Kristine er det ikkje sikkert publikum vil forstå alt som skjer på scena.

  Det er ikkje noko fasitsvar på kva ein skal sitje att med. Eksperimentelt teater kan vere forvirrande og vanskeleg å forstå. Målet er at publikum skal reflektere over det dei har sett, og kanskje byrje tenkje over kva dei gjer med klimakrisa, forklarar ho.

Når teaterstykket har premiere fredag kveld, har Kristine jobba med klimaproblematikken i kring eit halv år. Før tenkte ho ikkje så mykje over klima.

– No tenkjer eg ein del på kva vi som enkeltpersonar kan gjere, og at det ikkje treng vere så vanskeleg. Nyleg såg eg ein film om korleis Great Barrier Reef held på å bli øydelagt, og då vart eg forferdeleg trist. No kan det gå to vegar. Anten gjer vi noko eller ikkje, seier Kristine.

Saka held fram under artikkelen.


Gwethalyn Williams og Megan Clark er frå Manhattan Experimental Theater Workshop i USA, og samarbeider med Scenelusa Produksjoner om den nye oppsetninga. Foto: Tora Hope

Ho trur menneska kan få til utrulege ting om vi berre gidd.

  Heile konseptet med masseproduksjon der ein berre tenkjer pengar øydelegg mellom anna for dyreliv og natur er grusomt. Vi må forandre det sjølv om dei som har makt ikkje vil, seier ho.

LES OGSÅ: Åtte av ti bekymra for klimaendringane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

Kommentarar

ANNONSE