«Pressa til eit ja»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 14.april arrangerte me i Stord Ungdomsråd ein debatt om kommunesamanslåing mellom Stord og Fitjar kommune. Formålet med debatten var å informere ungdom om kva samanslåinga går ut på slik at me kan ta eit informert val under folkerøystinga 25.april.

DEBATT: Dag Henrik (21): «Få ungdommen med i kommunereforma»

Den økonomiske situasjonen til dei to kommunane satt sitt preg på debatten, slik økonomi ofte gjer. Fitjar ungdomsråd stilte spørsmål rundt kulturtilbodet i kommunen, og om dette vil bli svekka grunna økonomien, medan me i Stord Ungdomsråd fokuserte på ungdomsdemokrati. Begge utruleg viktige sakar. Ordførarane svarte raskt på spørsmål angåande kultur, men var litt meir tilbakehaldne når det kom til ungdomsdemokratiet, noko eg synest er urovekkajande. Me fekk til dømes aldri svar på korleis det blir med koordinator for eit eventuelt nytt ungdomsråd i den nye kommunen, noko me som sjølv er med i ungdomsråda på øya meiner er særs viktig.

LES OGSÅ: Fylka kan tape kraftmillionar på kommunereforma

Eg må ærleg innrømme at eg sjølv har vore noko uinformert om samanslåinga, noko eg har vore open om. Dette har ført til at eg har stilt meg negativ til avtalen. Eg vil ikkje gå inn i noko eg ikkje veit kva er. Men etter denne debatten føler eg at eg har meir forståing for kva avtalen går ut på, og på kva konsekvensar som følgjer med begge sider av saka. Derfor vel eg å stille meg positiv til nye Stord kommune. Eg er framleis ikkje nøgd med svara eg fekk på ungdomsdemokratiet, men ser at det er utruleg mange ulemper for kommunane å stå åleine når kommunereforma stormar landet.

Når det er sagt, vil eg sei at eg føler at mitt ja er tvunge fram. Stortinget og Regjeringa pressar innbyggjarane på økonomi til dei ikkje klarar anna enn å røyste ja. Dette meiner eg er udemokratisk og urettferdig.

LES OGSÅ: – Enklare å bli høyrt i små kommunar

Det eg jamvel er glad for er at me som ungdomar får høve til å nytte røystretta vår. Eg kjem til å røyste for aller fyrste gong, noko eg ser veldig fram til.