Færre unge døyr i trafikken

Are Kalvø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Risikoen for at 18- og 19-åringar skal omkomme eller bli alvorleg skadde i trafikken er redusert med over 40 prosent på fire år, opplyser Transportøkonomisk institutt.

Dei nyaste tala for trafikkrisiko frå instituttet, som er for perioden 2013/14, viser at fleire trafikantgrupper har betydeleg mindre risiko for trafikkulykker enn i 2009/10. Særleg er risikoen lågare for ungdommar og eldre menneske.

LES OGSÅ: Den mest trafikkfarlege musikken

Unge toppar framleis statistikken
Tradisjonelt sett er det nettopp desse gruppene som har høgast risiko for trafikkulykker. Framleis toppar unge personar statistikken, men ein reduksjon på drygt 40 prosent gjer at risikonivået nærmar seg den middelaldrande gruppa.

Transportøkonomisk institutt (TØI) listar opp fleire moglege forklaringar på utviklinga. Den norske bilparken blir stadig sikrare, norske ungdommar kan ha blitt meir lovlydige og «skikkelege» enn tidlegare, samtidig som data frå reisevaneundersøkinga tyder på at 18- og 19-åringar køyrer mindre bil enn før.

Unge sjåførar – særleg unge menn – opplever eit press til å køyra over fartsgrensa. Jo fleire jamaldra passasjerar, jo meir aukar risikoen for ei ulukke.

Jamn nedgang
Berekninga av trafikkrisiko tar utgangspunkt i ulykker per køyretøykilometer og skadde og drepne per personkilometer. I 2013/14 var det 0,22 drepne eller skadde personar per million personkilometer i aldersgruppa 18– 24 år. I 2009/10 var talet 0,39 – nesten dobbelt så høgt.

I 2014 var det 14 menneske i alderen 18– 24 år som vart drepne i bilulykker. Trass i ein auke i 2015, er trenden nedgåande og positiv.

Blant andre funn i TØI-berekningane kjem det fram at ulykkesrisikoen har minka for førarar av både bil, motorsykkel og moped, mens fotgjengarar og syklistar er omtrent like risikoutsette som før. (©NPK)

LES OGSÅ: – Menn bør ikkje få lappen før dei er 23