Raskare fart dess fleire som sit på

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av ein ny rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI). No rettar Statens vegvesen igjen merksemda mot unge bilførarar, i kampanjen Ungdom og fart.

LES OGSÅ: Den mest trafikkfarlege musikken

Fartsfella
– Litt fortare er mykje farlegare. Fart er ofte årsaka når unge døyr i trafikken, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen i ei pressemelding.

I 2014 var det 14 menneske i alderen 18– 24 år som vart drepne i bilulykker. Trass i ein auke i 2015, er trenden nedgåande og positiv.

– Det er ikkje lett å vere ung, og for mange handlar det mykje om identitet og tilhøyrsel. Nokre vil utfordre grenser, og søkjer stadfesting frå andre som dei ser opp til. Dette kan også gi seg utslag bak rattet og på gasspedalen, seier Ingrid Heggebø Lutnæs.

LES OGSÅ: – Menn bør ikkje få lappen før dei er 23

Unge menn
Transportøkonomisk institutt har sett på unge bilførarar og sosial aksept. Unge bilførarar, og særleg unge menn, ser ut til å bli meir påverka av andre trafikantar på vegen, og tilpassar farten til det dei ser. Jo fleire jamaldra passasjerar, jo meir aukar også risikoen for ei ulykke.

– For unge menn kan bilen vere ein arena der dei ønskjer å hevde seg. Vi ønskjer å gi dei unge tryggleik i kvarandre til å ta trafikksikre val. Gode sjåførar lar ikkje andre bestemme farten, seier Lutnæs.

– Viss vi får dei som køyrer «litt for fort» til å halde fartsgrensene, sparer vi fleire liv enn om vi berre får «råkøyrarane» til å halde fartsgrensene, seier Lutnæs. (©NPK)