Historisk mållagsleiar frå Østfold

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Historisk mållagsleiar

– Dette er ei stor glede for meg, seier Magne Aasbrenn, ifølgje Noregs Mållag sine eigne nettsider.

Den 60 år gamle lektoren frå Fredrikstad er vald til ny leiar i Noregs Mållag, som har hatt landsmøte i Bergen i helga.

 Magne Aasbrenn har samla saman eit utval av Østfold-ord i denne quizen – test deg sjølv!

– Det eg er spesielt glad for etter dette landsmøtet, er at vi har kome eit godt steg vidare i samarbeidet vårt med fagrørsla. Vi har hatt besøk av LO-sekretær Are Tomasgard, og han gir klare signal om at her har vi mykje å gå vidare på, seier Aasbrenn.

Den nye leiaren varslar at han vil ta kontakt med LO-leiar Gerd Kristiansen og tilby hjelp frå mållaget til å gjennomføre vedtaket dei gjorde på LO-kongressen i 2013, om likestilling mellom bokmål og nynorsk.

Andre satsingsområde er å sikra språkstimulering på nynorsk i barnehagane i nynorskområde, samt læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar nynorsk.

Les innlegget: «Hællæ frå den andre sida».

Faktaboks

Resten av styret:

Jens Kihl (30) frå Oslo og politisk journalist i Klassekampen. Har tidlegare hatt fleire sentrale verv i målrørsla som leiar i Norsk Målungdom og nestleiar i Noregs Mållag.

Inger Vederhus (62) oppvaksen i Flora og bur i Bærum, førstelektor i norsk ved grunnskulelærarutdanninga, Høgskolen i Oslo og Akershus, 

Inger Johanne Sæterbakk (34) oppvaksen i Orkanger og bur i Oslo, kommunikasjonsrådgjevar hjå Norges Bondelag, 

Peder Lofnes Hauge (27) oppvaksen på Sandane i Gloppen og bur i Bergen, politisk rådgjevar for sosialbyråd for Venstre i Bergen. 

Ingrid Fiskaa (38) oppvaksen og bur på Bryne, lektor ved Sandnes vgs.

Kjelde: NM