Finansministeren uroa over privatøkonomien
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Uroa over privatøkonomien
– Det er viktig å læra fornuftig pengebruk, før ein byrjar å bruke pengar. Det er vanskelegare å endra eit mønster, enn det er å skapa eit.
Det seier forbrukarøkonom i DnB, Silje Sandmæl. Ho er sjokkert over at femte- til sjuandeklasse ikkje har økonomi på pensum.
Tysdag deltok ho på seminaret «Ta del – ikkje dvel», der AksjeNorge i samarbeid med Finans Norge og Agderforsking lanserte ein ny rapport om nordmenn sine finanskunnskapar.
Funna tyder på at personar under 30 år har dårlegare økonomikunnskapar enn eldre.
Test deg sjølv: Kva kan du om økonomi?
Økonomi og livsmeistring
I dag har elevar som vel studiespesialiserande kring 20 timar med økonomi i faga mattematikk og samfunnsfag, fordelt på tre skuleår. Dei som vel utdanningsretningar med praktisk matte har berre rundt 5 timar med økonomi. (I faktaboksen kan du sjå læreplanmåla for økonomi i mattematikkfaget på vidaregåande).
Onsdag denne veka la kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fram stortingsmeldinga «Fag – Fordjuping – Forståing. Ei fornying av Kunnskapsløftet», som skal handsamast i Stortinget i dag, fredag.
Kunnskapsministeren vil etter tilråding frå Ludvigsenutvalet slanka fleire av skulefaga og fornya den generelle delen av læreplanverket som tek føre seg skulen sitt danningsoppdrag.
Regjeringa foreslår å prioritera dei tverrfaglege temaa demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring.
LES OGSÅ: Kvinner og yngre kan mindre om økonomi
– Finansnæringa bidreg gjerne i læreplanen
– Med digitaliseringa er mange tilbod berre eit klikk unna. Dei unge får stadig fleire ting å ta stilling til, difor er det viktig at dei får kompetansen til å verte kritiske forbrukarar, sa Idar Kreutzer i FinansNorge på seminaret tysdag.
Kreutzer gler seg over prioriteringa av livsmeistring og økonomi, og håpar på fortgang i prosessen.
– Som samfunn har me ikkje råd til å la ein ny generasjon ungdommar gå over i dei vaksne sine rekkjer utan kompetanse i personleg økonomi. Finansnæringa har lang og brei erfaring i å gje opplæring om personleg økonomi til dei unge, og me bidreg gjerne når innhaldet i økonomiopplæringa skal utformast, seier Kreutzer i ei pressemelding.
Finans Norge har lenge jobba for at økonomi skal få ein større plass i norsk skule. Dei tilbyr mellom anna undervisningsopplegget Økonomilappen.
Organisasjonen samarbeider òg med Ungt Entrepenørskap, om eit undervisningsopplegg der fagpersonar frå bank og forsikring vitjar norske ungdomsskular.
I tillegg har DnB undervisningsopplegget Lærepenger og Finansdepartementet har nettsidene Ungøkonomi.no.
Snika inn økonomi
Finansminister Siv Jensen er uroa for at folk, i ein enklare og meir digitalisert kvardag, har mindre kontroll over privatøkonomien enn før. I sitt innlegg trekk ho fram dei raske gjennomgangane av sjølvmeldinga som eksempel.
– Mange veit knapt kva dei tener, eller kva dei betalar i skatt. Det er baksida av medaljen med forenklinga. Mange fråskriv seg ansvaret for privatøkonomien, og kunnskapsnivået og interessa fell.
Finansministeren er einig med Kreutzer i at det er viktig med eit vedvarande fokus på økonomi retta mot unge.
– Spørsmålet er korleis. Ein stor debatt er mangelen på realfagskompetanse. Personleg økonomi kan føra til at matematikken kjennest meir relevant og auka forståelsen. Det å snika det inn, er vel så viktig, som å laga eit eige fag.
Faktaboks
Kompetansemål i matematikk etter VG1 studiespesialiserande eller yrkesfag (1P og 1P-Y):
Hovudområdet økonomi handlar om berekningar og vurderingar som gjeld økonomiske forhold.
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:
►gjere greie for og rekna med prisindeks, kroneverdi, reallønn og nominell lønn og berekna inntekt, skatt og avgifter
►vurdera forbruk og bruk av kredittkort og setja opp budsjett og rekneskap ved hjelp av rekneark
►undersøkja og vurdera ulike former for lån og sparing
Kjelde: Udir