(NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk):
(NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk):
Faktaboks

Kyrkjemøtet

* Kyrkjemøtet er det øvste representative organet i Den norske kyrkja. Det består av medlemmene i bispedømmeråda og har 116 medlemmer.

* Kyrkjemøtet samlast ein gong i året, som regel i april.

* Brorparten (65 leke medlemmer) blir valde direkte under kyrkjevalet. I tillegg blir 12 medlemmer valde ved indirekte val i sokneråda. Prestar og tilsette er representert med 22 representantar. Dei 12 biskopane møter også på Kyrkjemøtet i tillegg til fire samiske representantar og ein representant for Døvekyrkja.

*Kyrkjemøtet vel også eit Kyrkjeråd, som fungerer som «kyrkjeregjering» mellom kyrkjemøta. (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

Med valet av 54-åringen frå Asker innkasserte den liberale fløya i Åpen folkekirke måndag endå ein siger på Kyrkjemøtet i Trondheim. Den nye folkevalde toppleiaren i Den norske kyrkja er styremedlem i Åpen folkekirke som gjorde stor suksess i kyrkjevalet i fjor med sitt sterke ønske om å opne for homofil vigsel i kyrkja.

LES OGSÅ: Kyrkja seier ja til homofil vigsel

Rom for kvarandre
– Eg vil stå opp for det å kunne vere ueinig. Eg vil også vere tydeleg i det synet eg har hatt bestandig. Klårleik i kva vi meiner gir også rom for kvarandres syn, seier Kristin Gunleiksrud Raaum etter valsigeren.

Under avstemminga i Trondheim måndag fekk ho 64 stemmer, mens motkandidatane Harald Hegstad fekk 41 og Anne Enger 12 stemmer.

– Eg hadde svært gode motkandidatar. Det var ei ære å vere leiarkandidat saman med Anne Enger og Harald Hegstad, seier den nye «regjeringssjefen» i Kyrkjerådet.

DEBATT: «Me må få lov til å hevda det tradisjonelle ekteskapssynet»

Kvinner til topps
Kyrkjemøtet valde ytterlegare to kvinner i leiande posisjonar – Kristine Sandmæl (46) frå Asker som ny leiar i Mellomkyrkjeleg råd og Sara Kristine Eira (36) frå Kautokeino som ny leiar i Samisk kyrkjeråd.

I tillegg er Helga Haugland Byfuglien tidlegare valt som preses i Den norske kyrkje,leiar for biskopane. Den nyvalde kyrkjerådsleiaren sa dette om at alle dei fire mest sentrale leiarverva i kyrkja no er fylt av kvinner.

– Det synest eg er ganske naturleg. Kyrkjelege organ har tidlegare vore leidd av eit fleirtal av menn, eller berre menn. No er det fire kvinner. Slik er det. No big deal, tenkjer eg. Det skulle berre mangle, seier Gunleiksrud Raaum. (©NPK)

 DEBATT: «Stopp diskrimineringa av homofile!»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09
ANNONSE