Spor etter villrein i Ørsta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka vart først publisert på Morenytt.no.

Dette er svært langt vest i høve til villreinen si utbreiing.

Det skriv arkeologane Runar Hole og Per Jordhøy i rapporten «Reinheimen vest. Tidlege kulturspor etter villrein», som er gitt ut av Norsk Institutt for Naturforskning (NINA).

Steingardane høgt oppe i Ørstafjella har vore kjende lenge, mellom anna på grunn av fleire artiklar i Møre-Nytt i 1998 og 1999. Men det er først no dei har vorte teke tak i av arkeologar.

LES OGSÅ: Jaktar rein på andre sida av kloden

Vartdal og Liadal
– Vi fekk tips om murane på Hestefjellet. Eg gjekk inn på nettet og såg på flyfoto av området, og der fann eg murane. Dei var så interessante at vi reiste og undersøkte dei. Vi trur dette er fangstanlegg for villrein, seier Runar Hole til Møre-Nytt.

I fjor haust var arkeologane i området saman med kjentmennene Ragnar Masdal og Idar Arve Krumsvik.

Hole og Jordhøy har teke føre seg to område i Ørsta: Hestefjellet ved Liadal og Stortua like ved Klovekinn ved Vartdal.

På Hestefjellet (801 moh.) er det eit langt mursystem som strekkjer seg om lag 250 meter frå toppen av fjellet og søretter mot oppstiginga til Tverrfjellet (856 moh.), parallelt med den stupbratte fjellsida, slik at steingarden danna ei lukka innhegning som dyra truleg vart jaga inn i.

LES OGSÅ: – Reinen er livet vårt

Massefangst
Steingarden på Hestefjellet har klare likskapstrekk med massefangstanlegg for villrein andre stader i landet.

– Eg kan ikkje sjå at dette anlegget kan ha hatt så mange andre føremål. Det mest sannsynlege er at det vart fanga villrein på Hestefjellet, seier Hole.

Massefangsten etter villrein i Noreg gjekk føre seg i jernalderen, vikingtida og mellomalderen, men Hole er klar på at det er vanskeleg å tidfeste steingarden på Hestefjellet. Anlegget kan vere frå vikingtida og mellomalderen, men det kan òg vere eldre, fordi det verkar å vere noko meir primitivt enn dei mest avanserte anlegga frå mellomalderen, ifølgje han.

Massefangsten etter villrein var ei viktig næring i Noreg, og mange produkt frå dyra vart selde og eksporterte. På 1300-talet tok fangsten slutt, truleg på grunn av hanseatane sitt inntog og det faktum at bestandane var kraftig reduserte.

Også funna ved Stortua på Vartdal vart kartlagt av arkeologane i fjor. Dette er truleg også eit gammalt fangst- eller jaktanlegg for villrein. I tillegg til steingardane, er det spor etter ei bogestød. Hole trur dette funnet er eldre enn steingarden på Hestefjellet.

– Dette kan vere heilt frå steinalderen, seier han.

LES OGSÅ: – Har lært oss å leve med Tsjernobyl

Eigen bestand?
Ørstafjella ligg altså svært langt vest samanlikna med villreinen si utbreiing elles. Eit fangstanlegg for villrein ville også kravd god tilgang på dyr, meir enn nokre få individ.

Det er bakgrunnen for at villreinkjennar Rolf Sørumsgård har reist ein teori at det ein gong vart etablert ein eigen bestand med reinsdyr i fjellområda i Ørsta, opplyser Hole.

Fjordane og dei bratte fjell-sidene i Skjåstaddalen dannar naturlege barrierar som kan ha isolert ein eigen bestand i fjella på Ørstahalvøya.

– Denne ville vore svært sårbar dersom dei vart utsette for jakt og fangst, og kan ha vorte raskt utrydda, seier Hole.

Han er klar på at det er behov for fleire undersøkingar for å få fram meir kunnskap om villreinen i vårt område.

– Dette er veldig spennande, og vi har inne søknad om forskingsmidlar for å finne ut meir om temaet. Vi har mellom anna fått tips om nokre moglege funn ved Folkestad. Vi er interesserte i fleire tips om slike funn, så det er berre å ta kontakt, seier Runar Hole.

Saman med Per Jordhøy planlegg han å publisere ein større reportasje om funna på Hestefjellet i neste nummer av fagbladet «Villreinen», som blir publisert i mai.