Fleire humanistar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Seks av ti ungdommar i Noreg under 30 år er ateistar eller ikkje-truande. Det kjem fram i  ei ny undersøking gjort av Respons analyse på oppdrag for Aftenposten.

Berre to av ti under under 30 år kallar seg kristne. Dette talet aukar med alderen. Samla sett kallar 40 prosent av befolkninga seg kristne.

LES OGSÅ: Forsking: Religiøse tenkjer mindre kritisk

Humanistvekst
Ifølgje Aftenposten har Humanistisk Ungdom opplevd ei medlemsauke dei siste åra, noko som kan sjåast i samanheng med at seks av ti under 30 år definerer seg som ateistar eller ikkje-truande.

På tre år har medlemsmassen gått frå 846 til 1158 betalande medlemmar.

– Mi oppleving er at tru og religiøsitet blir mindre viktig i dei unge sitt liv. Det har vorte større fokus på kritisk tenking i skulen og i samfunnet generelt. Samstundes som det er blitt meir akseptert å velja sin eigen veg og ikkje følgja det ein er oppdregen til. Dette fører til at fleire ungdommar tek eigne val om kva dei vil tru eller ikkje tru på, seier nestleiar i Humanistisk Ungdom, Haakon Gunleiksrud, til Aftenposten.

LES OGSÅ: Gladkristne og negative ateistar på Twitter