Forsking: Religiøse tenkjer mindre kritisk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trur du på Gud?

Viss svaret er «ja». kan det hende at du er meir empatisk, men mindre kritisk, enn viss svaret er «nei».

Folk som trur på Gud eller ei anna form for overnaturleg kraft, synast å nemleg å undertrykkja den delen av hjernen brukt til kritisk og analytisk tenking, ifølgje forskarar frå Case Western Reserve University og Babson College.

LES OGSÅ: Historisk få dåpsborn

Religion vs. vitskap
Målet med forskinga er å sjå om konflikten mellom religion og vitskap kan skuldast måten hjernen er konstruert på.

Ifølgje ei studie publisert i 2015 meiner seks av ti amerikanarar at religion og vitskap er i konflikt, medan berre 30 prosent meinte at vitskap kolliderte med deira eiga tru.

Funna viste òg at mindre religiøst aktive såg på forholdet som meir konfliktfylt, enn meir religiøst aktive.

LES OGSÅ: Gladkristne og negative ateistar på Twitter

Empatiske religiøse 
Ifølgje forskarane frå Case Western og Babson College ser det å tru på høgare makter ut til å ha samanheng med empatiske evner.

Ateistar ser på si side ut til å ha meir til felles med psykopatar, som i stor grad manglar empati.

Gjennom åtte ulike forsøk, utført på mellom 159 og 527 vaksne personar, fann forskarane ut at jo meir empatisk du er, dess større sjanse er det for at du er religiøs.

Dette koplar forskarane mellom anna til tal som viser at menn er mindre religiøse enn kvinner.

I ei ny undersøking gjort av Respons Analyse på oppdrag for Aftenposten fortel 46 prosent av menn at dei er ikkje-truande, mot 32 prosent av kvinnene.

LES OGSÅ: Stor vekst i unge personleg kristne

Religiøse nobelprisvinnarar
Men det å vere religiøs treng ikkje bety at du er dum. Forskarene viser til boka «100 years of Nopel Prizes». Boka tek for seg 654 nobelprisvinnarar frå 1901-2000 sitt forhold til religion. Nesten 90 prosent av vinnarane identifiserte seg med éin av i alt 28 religionar, medan dei resterande ti prosentane var agnostikarar, fritenkjarar eller ateistar.

– Du kan vere religiøs og vere ein veldig god vitskapsperson, held forskingsleiar og professor Tony Jack ved Case Western fast.

Les heile forskingsrapporten på PLOS one.