Spelar musikk medan isen smeltar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdas einaste is-musikar

Saka var først publisert på Porten.no.

– Det blir forhåpentlegvis ikkje kjølig stemning sjølv om eg spelar på is, seier Terje Isungset til Porten.no. 

Søndag skal verdas einaste is-musikar halde konsert i Lærdal og i sommar er han aktuell på Førdefestivalen.

Verdas einaste 
Ismusikaren har spelt på is sidan Vinterspillene på Lillehammer i 1999. 

– Eg vart spurd om å laga ei bestillingssak til Vinterspillene og då skulle det vere ein frossen foss i kulissane. No har eg spelt på is-instrument i 16 år, seier han. 

Sidan den gong har Terje Isungset vore på turne verda rundy med sitt unike konsept og ifølgje den amerikanske nyheitskanalen CNN, er Isungset verdas einaste profesjonelle ismusikar. 

– I løpet av åra har eg lært ein del om klang når eg spelar inne. Så den er lett å kontrollere, spesielt med mine eigne låtar og komposisjonar. Maria Skranes syng og eg spelar på is-instrument, forklarar Isungset. 

Han har halde konsertar i både Russland, USA, Canada, Japan, Kina, Australia, Grønland, India og dei fleste europeiske land. 

Intim is-konsert
Ismusikaren gler seg ekstra mykje til å opptre nettopp i Lærdal. 

– Kona mi er jo frå Lærdal og me har eit sommarhus der som me pleier å bu i på sommarhalvåret. Det blir veldig spennande å opptre i Lærdal og sjå om nokon kjem for å høyre på. Det er den minste scena eg har spelt på, så det blir nok ein intim konsertoppleving, seier han. 

Tysdag rauk transporten, noko som medførte at mykje av is-instrumenta smelta. 

– Me måtte jobba heile natta og i morgontimane for å reparera og laga nye instrument. Eg håpar inderleg at det ikkje skjer igjen, seier Isungset. 

Instrumenta er laga i samarbeid med ein verdskjent amerikansk skulptør. 

– Ein får ikkje akkurat bestilt eller kjøpt det på butikken. På vintertid plar eg å leite etter is med klang, men utfordringa er å finne den perfekte isen. 

Sjå opptak frå Jostedalsbreen:

– Smeltar ein del 
Sjølv om Isungset og resten av bandet prøver å kontrollere forholda mest mogleg, hender det ofte at instrumenta smeltar under konsertane. 

– Dei smeltar ein del, så mykje må planleggast. Ein har vanleg innetemperatur i kulturhus, så det blir ikkje så veldig kaldt for publikum. Jo kaldare, jo betre er det, seier Isungset. 

Under 2000 års grunnlovsmarkeringa på Eidsvoll i 2014, vart konserten til Isungset sendt direkte på TV. Nyleg har ismusikken blitt portrettert i tre filmar i USA/Canada, Frankrike og Sør-Korea. No er det Norske Kulturhus som står for tur.

– Musikk er ikkje så smal. Mange i utlandet har stor interesse for denne typen musikk, i Noreg er det meir variabelt. Men publikum er det overalt, avsluttar han.

Håpar på mykje folk
I løpet av konsertturneen som kjem innom fleire norske kulturhus, får publikum også sjå at kunstnaren Anastasia Isachsen som set det heile i perspektiv når ho tek publikum med inn i isen si visuelle verd med sin videokunst.

– Eg trur det blir ein kjempekonsert og eg håpar at det vil koma mykje folk. Dette er ein type konsert som burde fengja alle typar publikum. Det er ei oppleving alle burde få med seg, seier Magne Grøttebø, kultursjef i Lærdal. 

Isen som blir brukt vart henta opp fra eit vatn på Geilo i samband med Icemusicfestival i januar 2016.

Instrumenta som blir brukt er isofon, ishorn, isbukkehorn, istrommer, isperkusjon og isringler. Musikken er frå Isungsets 2 siste isplater «Winter Songs» og «Meditations».