Lærer studentane å kjempa mot klimakrisa

Camilla Brugrand
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærer studentane klimaverktøy

– Mange av verktøya for å redusera eller hindra klimaendringane finst allereie. Vi lærer studentane våre korleis dei skal bruke dei fornybare  verktøya i praksis for å kjempa mot klimakrisa, seier Geoffrey Sean Gilpin, lektor i fornybar energi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. 

LES OGSÅ: Veit ikkje kor mykje kol Kina bruker

Implementere teknologien 
For ti år sidan var det mykje snakk om utvikling av fornybar energiteknologi, som kunne redusera eller hindra klimakrisa. Dette førte til ein auke i ingeniørar som utvikla slike teknologiske løysingar. 

– Eg var ein del av denne ingeniørbølgja, fortel Gilpin. 

I 2010 fekk Høgskolen i Sogndal støtte til å starta opp studielinja i fornybar energi, etter at professor Erling Holden fanga opp behovet for studentar med tverrfagleg kompetanse innan feltet.

– Vi har allereie all teknologi vi treng for å løyse klimaproblemet. Verktøya finst, men vi treng nokon til å implementere denne teknologien. Det er her desse studentane kjem inn, seier Gilpin. 

Eit av dei fyrste studia i Noreg
Dei siste åra har produksjonen av fornybar energi auka. Dette har skapt eit stort behov for personar som kan finne løysingar som tek omsyn til natur og miljø. 

– Det er her utfordringa ligg. Når vi starta opp med dette studiet, var vi eit av dei fyrste i Noreg, men også eit av få i Europa. Ein må vera i forkant av denne utviklinga, men det kan også by på utfordringar. Vi må byggja opp ei forståing rundt klimaproblematikken og skapa etterspurnad etter gode løysingar, seier Gilpin. 

LES OGSÅ: Åtte av ti bekymra for klimaendringane

I snitt er det 25 elevar på kvart kull. Fleire tidlegare studentane har hamna i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og kommunale- og fylkesstillingar. Andre har gått vidare for å ta mastergrad ved NTNU, Universitet i Oslo og NHH, som høgskulen har avtale med. Dei siste åra har linja heva opptakskrava fordi det no er fleire som søkjer seg inn på studiet. 

Høgskulen i Sogndal skal i tillegg starte opp med eit heilt nytt masterprogram som har fått namnet «Climate change management», hausten 2016. 

Det grøne skiftet
Studentane får kompetanse innan teknologi, miljø, arealplanlegging og økonomi. 

– Vi trenger økonomar, politikarar og ingeniørar. Det er naudsynt å ha folk frå fleire disiplinar i det grøne skiftet. Me ser at det er eit stort behov for mellomleiarar som kan samla folk, leia prosjekt og utvikle kommunal- og fylkesplanar, seier Gilpin. 

Studentane får verktøya til å forstå nok av teknologi, ingeniør, teknisk naturfag og politikk til å setja seg i sentrum av utviklinga og vera med på å forme prosessen. 

LES OGSÅ: Oljeselskap avsluttar kunstsponsing

– Noreg står framføre to store utfordringar. Heile kloden står overfor desse utfordringane. Det eine er klimaproblematikken, men i tillegg er me inne i ei økonomisk krise. Framtida vår er avhengig av kva for retning politikarane våre vel å gå, seier Gilpin.

Han forklarar at det er tre løysingar på problematikken. Den eine er å berre fokusera på økonomien, den andre er å berre fokusera på klima. Dersom ein går for sistnemnde, kan økonomien lide, og på same måte vil klimaendringane halde fram å vekse som problem, om ein berre satsar på økonomien. 

–  Me må velje den gylne middelvegen og satsa på ein politikk som tek føre seg dei økonomiske problema samstundes som ein får ein klimagevinst. Ein kan ikkje få i pose og sekk, seier han. 

Noreg er eit fornybart land
Lektoren har trua på at Noreg skal klare ei industriell omstilling basert på fornybar energi og eit velutdanna samfunn. 

– Vi kjem til å overleve restriksjonar på energibruk og innføring av den nye teknologien. Det store motargumentet for å innføra den nye teknologien i Noreg er at landet har nok fornybar energi. Her er det snakk om å levere meir fornybar energi ut av landet. Noreg er i dag eit fornybart land, seier Gilpin. 

Han meiner derimot at Noreg har moglegheit til å bygga ut endå meir og at det hadde vore bra om Noreg hadde posisjonert seg som den største leverandøren av fornybar energi til Europa. 

– Klimakrisa er ei utfordring for alle og vi må løyse dette saman. Men før det kan skje, må vi løyse ein del samfunnsmessige utfordringar. Korleis skal vi til dømes gjere dette på ein rettferdig måte? Noreg er i sterk teknologisk utvikling. Det er mange innovative og gode idear der ute, men dei manglar breiare støtte til å gå frå utviklingsstadiet til å implementerast i samfunnet. Det har like mykje med dagens politikk å gjera, som det har med økonomi, seier Gilpin.     

Mange prosjekt og idear står no på vent for å få ei anna type finansiering enn statleg støtte. Også er det studentane sin jobb å setje løysingane ut i livet.

LES OGSÅ: Dicaprio: – Klimaendringane er ekte