– Hastar med strengare krav til trålarane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hastar med strengare krav

– Stortinget må sikre ein fiskeripolitikk for framtida. Vi trenger ei satsing på kystflåten slik at unge kan etablere seg på eigen båt. Opphoping av kvotar på få, store båtar gjer det for dyrt å komme inn i næringa. Det er på mindre kystbåtar ungdommen kan sleppe til, sa leiar i Natur og ungdom Ingrid Skjoldvær.

DEBATT: «Unge må kunne velje fiskeri som leveveg»

I behandlinga av meldinga vart det diskutert om trålarplikta med å levere fisk lokalt skulle avviklast eller ikkje. Stortingets næringskomité landa til slutt på at det skal setjast ned ein kommisjon for å vurdere korleis desse pliktene kan oppfylle føremålet sitt. Kommisjonen skal levere ei utgreiing til hausten, og spørsmålet skal takast opp på nytt då.

LES OGSÅ: Så viktig er fisken for Noreg

– Det hastar å få på plass strengare krav til trålarane. Mange fiskemottak langs kysten er avhengige av fisken dei leverer, og det er også kystbåtane som leverer til desse mottaka. Fiskeressursane våre skal gi verdiar til lokalsamfunn, ikkje trålreiarar som fryser fisken om bord og sender han ut av landet. Det er på ingen måte miljøvennleg, sa Skjoldvær.

Natur og Ungdom meiner trålarar som ikkje overheld forpliktingane sine må miste fiskekvotane sine, og dei må fordelast på unge som vil etablere seg i næringa. (©NPK)