Enova støttar ladestasjonar til null- og lågutsleppsferjer.

Svein Olav B. Langåker

– Hordaland går no verkeleg i front, ikkje berre nasjonalt, men internasjonalt. Me er glade for å kunna bidra til meir energieffektive ferjesamband gjennom støtta vår til landanlegga, og er spente på å sjå dei klimavennlege løysingane som reiarlaga vil ta i bruk, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova i ei pressemelding.

Gjennom kollektivselskapet Skyss har Hordaland fylkeskommune samla alle fylket sine ferjesamband i fire rutepakkar fordelt på to anbodskonkurransar. I samband med den første anbodsrunden fekk fylkeskommunen nyleg 133,6 millionar kroner i støtte frå Enova til å etablera landanlegg for låg- og nullutsleppsferjer. Når Skyss no skal lysa ut fylket sine attverande ni ferjestrekningar på anbod, investerer Enova 140 millionar kroner òg i desse rutene.

– Enova-støtta gjer oss veldig godt rusta til å nå dei politiske måla som er sett om å gjera ferjedrifta meir miljøvennlig. Me er svært glade for å få dette høvet, seier direktør Oddmund Sylta i Skyss.

LES OGSÅ: Oljenedgang gjev høve for grønt ferjeløft

Kraftige tiltak til sjøs
– På vegen mot lågutsleppssamfunnet må transportsektoren bli tilnærma utsleppsfri. Då treng me kraftige tiltak òg til sjøs. Ferjer med delvis elektrisk eller heilelektrisk drift vil bidra til store utsleppsreduksjonar i maritim sektor, understrekar Nakstad i Enova.

Støtta frå Enova sikrar at Skyss kan stilla strenge krav til energiforbruk og klimagassutslepp i anboda. Dette vil føra til at det kjem heilelektriske ferjer eller hybrid-ferjer på dei fleste strekningane.

Alle ferjestrekningane vil ha oppstart i 1. januar 2020.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08
ANNONSE