Pøbel-strek for Trump

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I går publiserte Pøbel og The Dream ein video av den Stavanger-baserte gatekunstnaren Pøbel, som med hettegenser og tildekka andlet går besluttsomt bort til Donald Trump si stjerne.

Videoen viser Pøbel utstyrt med ei pizzaeske, som inneheld ein stensil og ein sprayboks. Før publikum skjønar kva som skjer har har hen satt seg ned og tagga på Trump-stjerna. Ifølgje Tv2, som ikkje har lukkast i å koma i kontakt med kunstnaren er stuntet ein del av prosjektet «Mute», som Pøbel lagar i samarbeid The Dream.

Stuntet fekk etter kvart mykje merksemd av publikum som delte ivrig på sosiale medier, som du kan sjå i  videoen frå Pøbel:

Gatekunstnaren Pøbel vart for alvor kjent i 2008 for prosjektet «Ghetto spedalsk», der han saman med Dolk dekorerte forlatte bygg i Lofoten.

Gårsdagens stunt er ikkje fyrste gong Trump-stjerna er vorte vandalisert. I slutten av januar spraya nokon eit hakekors på stjerna og førre september var det ein gul «x», ifølgje The Independent.

Trump fekk si stjerne på Hollywood Walk of Fame i 2007 etter suksessen med reality-showet «The Apprentice», der forretningsmannen siler ut kandidatar til ein toppjobb gjennom tøffe oppgåver. Men i fjor sommar sa tv-selskapet NBC opp avtalen med Trump etter hans kommentarar om meksikanske immigrantar, ifølgje Washington Post. 

Om Donald Trump skulle verte president i USA vert han den andre presidenten gjennom tidene med si eiga stjerne på verdskjente Hollywood Walk of Fame i Los Angeles.  Førre gong var då skodespelar Ronald Reagan sat som president frå 1981-89.

LES OGSÅ: Donald Trump snakkar som ein 12-åring