Russearrangør meiner russetida er for lang

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arrangør meiner russetida er for lang

 Tusenvis av russ trekker kvar vår til ulike russetreff over det ganske land.

Sist ut er Landstreff Telemark, som håpar å kunne konkurrere med dei store.

Fjorårets treff var første gong det tidlegare lokale russetreffet i Bø i Telemark marknadsførte seg som landstreff.

LES OGSÅ: Tilrår skuleungdom å ta vaksine

Tryvann-helga
I år er 5000 billettar til Landstreff Telemark utselt – månadar før arrangementshelga 8.-10. april.

Medeigar og dagleg leiar i Telemarkstreffet AS Jørgen Gustavsen tek tala som bevis på at det er ein marknad for dei.

Allereie no er det bestemt at neste års Landstreff Telemark skal flyttast til helga 28.-30. april. Det betyr at dei mest sannsynleg hamnar i konkurranse med storebror Tryvann.

Gustavsen vonar dette kan vere ei motvekt til utviklinga med ei stadig lenger russetid, som kan starte allereie i byrjinga av april og vare i seks veker.

– Når mange russ festar alle helger og i tillegg fleire gongar i veka ser me at dette kan gå utover både skule og helse. Me synest utviklinga er uheldig og har difor tatt eit standpunkt om at me ynskjer å bidra til å redusere varigheita på russetida, skriv Gustavsen i ein e-post til Framtida.no.

Nei er nei
Både Unge Høgre, Elevorganisasjonen og fleire fylker har tidlegare teke til orde for å flytta russefeiringa til etter eksamen.

Då Gustavsen sjølv var russ i 2008 varte russetida i tre veker, noko som gjekk fint med tanke på skulegang. Han meiner mykje handlar om prioriteringar og ansvar for eigen læring, noko dei fleste greier utan problem.

Som dagleg leiar i Landstreff Telemark møter Gustavsen mange russ før treffet. Dei jobbar med haldningsskapande arbeid knytt til rusmiddel og «NeierNei»-kampanjen.

Han meiner russen er flinke å engasjere seg gjennom til dømes innsamlingsaksjonar til kreftsaka.

Russearrangøren meiner at at media har ein tendens til å skrive mykje om dei negative sakene når det gjelder russetida, noko som gjev folk eit dårleg inntrykk av russen.  

Russekontrovers
Gustavsen reagerer mellom anna på medieomtalen av fjorårets russelåtar, som han meiner vart teken ut av samanheng.

– Om ein hører på mange utanlandske låtar er det mykje grovare og verre tekstar enn kva du finner i desse russelåtane. Eg meiner at innsatsen russen legg ned og eigarskapet dei tek til kampanjen «NeierNei» viser kor mykje meir opplyste russen har blitt på dette området dei siste åra. Søkjer du opp #neiernei på Instagram får du opp over 1000 bilete som er delt av russ. Dei klistrar merka på køyretya sine, stryker dei på russekleda og er generelt veldig bevisste rundt tema. Dette er òg noko me jobbar mykje med når me er i kontakt med russen i tida fram mot russetida. Eg synest russefeiringa er ein fin tradisjon, og me som jobbar med dette året rundt får nok eit litt anna inntrykk av det heile enn de som berre leser om det i media, seier Gustavsen.

Læreprosess
Gustavsen er klar på at russetida ikkje berre er ein månad med festing, men òg fleire år med arbeid og planlegging.  

– Når du er 25 vener saman på ein buss med eit samla budsjett på mellom ein halv million og 1,5 millionar så seier det seg sjølv at det ligger mykje læring i å gjennomføra dette. Ein må lage kontraktar, gjere innbetalingar, gjere avtalar med leverandørar og ikkje minst leggje ned fleire tusen timars arbeid.

LES OGSÅ: Sjekk russebussen gratis!