Astronomen som sørgde for å degradere Pluto til dvergplanet, er no på sporet av det som kan vere den niande planeten i solsystemet.

NPK
NPK

Ideen om ein diger islagt planet langt, langt der ute ein stad, stammar frå observasjonar av avvikande banar hos ein del objekt i Kuiperbeltet, asteroidebeltet utanfor Neptun-banen.

No meiner den kjende romforskaren Mike Brown ved California institute of technology (Caltech) å ha funne bevis for at teorien stemmer, skriv nettavisa Tech Times.

Brown og kollegaene hans har nyleg observert ein asteroide i Kuiperbeltet som meir tydeleg enn andre verkar å bli tvinga inn i ein rar bane, noko dei meiner må komme av ei sterk gravitasjonskraft i nærleiken. Den krafta kan vanskeleg vere noko anna enn ein stor planet, meiner dei.

LES OGSÅ: Dette bildet av ei eksploderande stjerne er historisk

Den niande planeten skal ha ti gonger så mykje masse som jorda og vandrar rundt sola i ein utstrekt elliptisk bane som tar 10.000– 20.000 år å fullføre, trur forskarane. Til samanlikning bruker Pluto 248 år på ein tur rundt sola, mens den næraste naboen vår i solsystemet, Mars, joggar rundt sola på litt under 2 år.

Den amerikanske romfartsorganisasjonen Nasa slo så seint som i februar fast at planet nummer ni framleis berre er teori, men dette kan altså endre seg når Brown og co. får foredla dei førebelse resultata sine i ein forskingsrapport. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

LES OGSÅ: – Kjempestruktar rundt stjerne kan vera laga av romvesen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

ANNONSE