Under halvparten av medlemmene i Kyrkja er kristne

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mindretal i Kyrkja er kristne

Kvart tredje medlem av Den norske kyrkja er ateist, og berre 48 prosent definerer seg som kristne, ifølgje ei ny meiningsmåling.

I undersøkinga som Respons Analyse har utført for Aftenposten, seier 40 prosent av heile befolkninga at dei oppfattar seg som kristne.

Helga Haugland Byfuglien, fast preses i Bispemøtet, er ikkje overraska over resultatet.

– Desse tala føyer seg inn i ei rekkje av fleire undersøkingar. Delen som er medlem i Den norske kyrkja, er gått ned. Hovudgrunnen til det er endra samansetjing av befolkninga. Talet på medlemmer er nokså stabilt, men vi erkjenner at vi som kyrkje blir utfordra av nye trendar i tida, seier ho.

LES OGSÅ: Stor vekst i unge personleg kristne

– Uproblematisk med medlemskap

Biskopen legg vekt på at spørsmål knytt til tru og medlemskap i kyrkja er samansett, fordi folk har ulike perspektiv når dei svarar.

– Svara speglar tru, tilhøyrsle og tradisjon. Mange oppfattar at det å vere kristen krev ein spesiell truskap med krav om å vere dedikert og delta aktivt. Men det er mange nyansar når det gjeld tru, og for mange betyr kyrkja som tradisjon og kulturberar svært mykje.

Blant dei over 60 år oppgir 53 prosent av befolkninga at dei oppfattar seg som kristne, medan berre 22 prosent under 30 år seier det same.

– For mange er den kulturelle tilhøyrsla til kyrkja viktigaste årsak til å behalde medlemskapen. Folk er komplekse når det gjeld religion, ein kan definere seg som agnostikar, men likevel oppleve medlemskapen sitt i kyrkja som udramatisk, seier religionssosiolog Anders Vassenden ved Universitetet i Stavanger til Aftenposten.

Kvinner meir religiøse enn menn

Ei ny undersøking frå Pew Research Center i USA viser at kvinner generelt er meir religiøse enn menn., skriv avisa Vårt Land.

Basert på eit talgrunnlag frå 192 land estimerer forskarane at 83,4 prosent av kvinnene i verda identifiserer seg med ei religiøs gruppe. Det same gjer 79,9 prosent av den mannlege populasjonen

– Når det gjelde kristne kvinner i Noreg er dei jamt over meir religiøse, både offentleg og privat. I gudstenesta er dei opptatt av bønn, salmesong, orgelmusikk og stille. Det som dreier seg om kontakt og samhald, seier Ida Marie Høeg, professor ved Institutt for religion, filosofi og historie ved Universitetet i Agder (UiA) til avisa.

Høeg seier vidare at menn er meir interessert i preika og tekstleg forkynning.

– Dei verdset den teologiske kunnskapen og undervisninga som presten formidlar, og søkjer ein større kunnskap om kva trua dreier seg om. (©NPK)

LES OGSÅ: Vil alltid jobbe for at kyrkja skal vere eit ope hus