Solberg: – Politiet må få utvida tilgang til overvaking

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solberg vil overvaka meir

Terrorhandlingane i Brussel og den høge terrorfaren i Europa viser behovet for å gi politiet utvida fullmakter til overvaking. Det meiner statsminister Erna Solberg (H).

– Det er ikkje berre denne siste terroraksjonen som viser behovet, men over tid ser vi at når terroristar og andre alvorlege kriminelle skiftar metodar, må også metodane til politiet følgje etter, seier Solberg til Dagens Næringsliv.

For knappe to veker sidan la justisminister Anders Anundsen (Frp) fram eit forslag til endringar i straffeprosesslova som vil gi politiet utvida tilgang til blant anna ransaking, romavlytting, kameraovervaking og dataavlesing.

Anundsen sa i samband med framlegginga av lovforslaget at eit endra kriminalitets- og trusselbilete taler for å auke tilgangen politiet har til å nytte skjulte politimetodar ved etterforsking, avverjing og førebygging av alvorleg kriminalitet.

Regjeringa får støtte av tidlegare SV-leiar og statsråd Erik Solheim, som bur i Paris og stadig er i Brussel i eigenskap av å vere leiar for OECDs utviklingskomité.

– Terrornedkjemping er svært krevjande. Her er svaret primært etterretning. Vi må gi politiet enda vidare fullmakter. Dessverre er skjerpa overvaking ein konsekvens av tida vi lever i, seier Solheim. (©NPK)