Forskar: – Meir overvaking vil ikkje hindra terror

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Overvaking vil ikkje hindra terror

Erik Reichborn-Kjennerud, spesialist på sikkerheits- og forsvarspolitikk ved Norsk utanrikspolitisk institutt, saknar ein meir djuptgåande diskusjon i Noreg om kva slags tryggleik vi kan forvente oss og kva tryggingstiltak vi skal ha.

– Det er fare for at midlertidige tiltak, som væpning av politiet, kan bli permanente. Men kva slags tryggleik gir det – og kva slags samfunn skaper det? Det må vi ha ein breiare debatt om, meiner han.

– Viss vi ikkje ønskjer fullstendige totalitære statar, vil det alltid vere mogleg for terroristar å ta livet av menneske, seier Reichborn-Kjennerud.

Over heile Europa er beredskap og tryggingstiltak skjerpa etter terrorangrepet mot Brussel tysdag. I Oslo blei alle politipatruljar væpna.

– Tiltaka er nok først og fremst ein ryggmergsrefleks – eit forsøk på å vise at ein har ein viss kontroll, og på å roe folk. Men det er vanskeleg å sjå at tiltaka kan hindre nye terrorhandlingar. Det er ikkje vanskeleg å finne stader med mange menneske og som ikkje har fått spesiell beskyttelse. Sjølv ti væpna politimenn på ein togstasjon i rushtrafikken vil ha problem med å fange opp ein person som ber ei bombe i ein ryggsekk, seier Reichborn-Kjennerud.

LES OGSÅ: Positiv til at PST driv datasnoking

Etterretning til kort
Han meiner også at det er ei umogleg oppgåve for etterretningstenestene å forhindre alle typar angrep.

Belgia har lenge levd med terrortruslar. Då det blei klart at landet hadde fungert som base for terrorangrepa i Paris i fjor, styrkte regjeringa tryggingstiltaka med nærare fire milliardar kroner, ifølge nyheitsbyrået TT.

Gjerningsmennene i Belgia var alle i søkjelyset til etterretningstenesta, likevel klarte dei å gjennomføre eit angrep.

– Det skal svært mykje såkalla signaletterretning til for å finne forbindelsar mellom moglege terroristar. Lista over menneske kan bli veldig lang. I USA har ein såkalla «no-flight-list» altså ei oversikt over menneske som ikkje får lov til å fly. Ho inneheld hundretusenvis av menneske.

– I enkeltland er talet sjølvsagt lågare, men sjølv nokre hundre er det vanskeleg å fotfølgje. Det er også svært kostbart og personellkrevjande, og det er eit spørsmål kor mykje eit samfunn er villig til å betale for slike tiltak, seier han.

LES OGSÅ: Åtvarar mot politi-hacking

Må ikkje overreagere
NUPI-forskaren meiner det er viktig at samfunnet ikkje overreagerer.

– Terroristane ønskjer jo at styresmaktene skal overreagere, slik den franske presidenten François Hollande uttalte etter Paris-angrepa i fjor, då han karakteriserte dei som ei krigserklæring.

Den viktigaste måten å forhindre terror på er å skjønne kvifor menneske blir terroristar. Reichborn– Kjennerud peiker på at terror ofte kjem av mykje desperasjon, lite håp og kanskje mangel på identitet, noko som er ingrediensar for radikalisering.

– Det er komplekse og vanskelege samanhengar, som ikkje har enkle løysingar, understrekar han. (©NPK)

LES OGSÅ: Systrer frir til Edward Snowden