BOKMELDING: M Train av Patti Smith har ei nerve som gjer at ein er naudt til å halde fram med å lese.

Kristian Laxå
Kristian Laxå

Boka M Train handlar om Patti Smith sine refleksjonar og opplevingar, ein kan godt seie at boka er ein memoar. Det er ei bok som kor tema spenner frå kvardagslege gjeremål og rutinar til sakn og filosofering om korleis livet vart så det vart. Det er også ei bok om ingenting. Opningssetninga i boka fanga meg: «Det er ikkje så lett å skrive om ingenting.»

Boka plukkar opp ein laus tråd frå Just Kids, Samlaget (2013), og fortel blant anna meir utfyllande om korleis livet saman med ektemannen Fred Smith var, og korleis det var då han brått vart riven bort frå ho, og saknet ho kjende på i etterkant.

M Train vart skriven i stamcafeen til Patti Smith Café 'Ino, ein kafe i Greenwich Village i New York City. Boka flyt ganske lett språkleg sett, men det kan av og til verte litt tungt, samstundes har boka ei nerve som gjer at ein er naudt til å halde fram med å lese.

Boka er poetisk og vakker. M Train skildrar Patti Smith seg sjølv som menneske på ein nær og vakker måte.  Eg siterer Emily Rems, Bust «M Train er det næraste fansen kjem å vandre i Patti Smiths fotspor», eg kunne ikkje vore meir einig, om du er fan av Patti Smith eller du likar litteratur så er M Train boka du lett kan plukke opp. 

M Train
Patti Smith
Samlaget 2016
243 sider

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE