– Elevane veit best korleis det er å vera elev

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gratulerer med vervet! Korleis er det å bli valt?

– Å bli valt som leiar i Elevorganisasjonen er nok det største som har hendt meg til no. Eg merkar at forventingane er høgare, og at arbeidet uføreseieleg. Det å vera ansiktet til ein organisasjon, og dessutan å leia sentralstyret og resten av organisasjonen, blir nok krevjande, men òg oppgåver eg gler med veldig mykje til.

– Kva vil Elevorganisasjonen merka av skilnad med deg som leiar?

– Eg vil vera ein inkluderande og motiverande leiar, òg vil eg at elevane rundt i det ganske land skal føla eigarskap til organisasjonen og politikken vår.

– Kva er dei viktigaste vedtaka de gjorde på Elevtinget?

– Dei viktigaste vedtaka trur eg må vera dei politiske prioriteringane, fordi dei viser kva norske elevar er einige om er viktig å prioritera det kommande året. Dei politiske prioriteringane me vedtok var ein skule for alle, skulen i framtida og ei verkelegheitsnær fag- og yrkesopplæring.

LES OGSÅ: OD-dagen vil byggja fred i Colombia

– Kvifor er det bruk for Elevorganisasjonen?

– Elevorganisasjonen er viktig fordi det er den einaste organisasjonen som set dei unike perspektiva til elevane på dagsorden. Politikarar, lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar kan mykje, men det er eleven som veit best korleis det er å vera elev.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Eg blei engasjert i elevpolitikk gjennom elevrådet, men har vel eigenleg vore ganske engasjert heile livet. Mykje av det heng saman med at eg har ei mor og ei bestemor som har drive med politikk heile livet.

Kva er hjartesakene dine?

– Det er så mangt, og det er veldig mange spennande saker me vil jobba med i løpar av det kommande året. Likevel kan eg jo trekkja fram arbeidet til Jøsendalutvalet med tilpassa opplæring for høgt presterande elevar som noko av det eg gler meg mest til. Det er viktig at alle får den tilpassa undervisinga dei har krav på – uansett om ein slit eller om ein er veldig flinke på skulen.

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Dette vil alltid vera ei problemstilling, ei problemstilling særleg ungdomsorganisasjonar må ta på alvor. For vår del så skjer det gjennom at kvar enkelt klasse på medlemsskulane våre vel representantar til elevrådet, og elevråda vel kven som skal reisa på årsmøte i fylka og dessutan på Elevtinget. På den måten har elevar som ikkje er engasjerte høvet til å vidareformidla til representantane frå sin klassa og skulen sin, så dei kan ta det med vidare til oss. På same måte er me ansvarlege for å bringa dette vidare og vera talerøyra til elevane.

LES OGSÅ:Felles front for nytt opptakssystem

Faktaboks

Sylvia Lind, påtroppande leiar i Elevorganisasjonen

Alder:
19 år, blir 20. september.

Kvar er du frå?
– Eg er frå Lofoten, og vaks opp i ein fin liten by ved namn Svolvær.

Skule: Aust-Lofoten vidaregåande skule.

Favorittfag:
Eg treivst veldig godt i faget politikk og menneskerettar, i tillegg til sosiologi.

Andre medlemskap?
– Eg var med i mange ulike klubbar, lag og foreiningar då eg var yngre, men har ingen andre medlemskap enn EO no.