Tvil internt i KrF om abortforslag

Tvil internt om refleksjonstid.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forslaget til Kristeleg Folkeparti om obligatorisk refleksjonstid ved abort har ikkje berre skapt negative reaksjonar hos andre parti, men også internt i partiet har det kome reaksjonar.

Programkomiteen til KrF føreslår at kvinner må gjennom ei «obligatorisk refleksjonstid» i opptil to døgn før det kan gjennomførast ein abort.

Fleire fylkesleiarar i KrF er i tvil om at dette vil vera effektivt.

– Eg tenkjer at dei som har valt å gå til det steget, og ønskjer å ta abort, har tenkt nøye gjennom det. Dette er nok ikkje noko dei tek lett på, seier fylkesleiar i Sør-Trøndelag KrF, Heidi Pawlik Carlsen, til Dagsavisen.

LES OGSÅ: KrFU treng refleksjonstid om abort

Ho støttar programkomiteen i tanken om å styrkja rådgjeving før ein abort, men meiner at økonomiske støtteordningar, informasjon i skulen og gratis prevensjon kan vera meir effektive tiltak.

Også fylkesleiar Jon Christian Anker i Troms er usikker.

– Slik forslaget er forma ut no, er eg usikker på om det ville fått noko særleg praktisk verdi, meiner han.

Programkomiteen føreslår også å erstatta abortlova med ei lov som sikrar «rettsvern for det ufødte liv» og at kvinner med minoritetsbakgrunn skal få? informasjon om prevensjon og alternativ til abort.

Forslaget er no til høyring i partiet. (©NPK)