Korleis unngå å bli slukt av ein robot

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klokka var litt over halv fem om ettermiddagen den 27. januar 2015. Apple hadde nettopp offentleggjort resultata frå siste kvartal. Børsjournalistane hamra laus på tastatura for å få fortalt lesarane så raskt som råd var at det var selt langt fleire iPhones og iPads enn ekspertane hadde trudd.

Men dei var ikkje komne til første punktum før det blinka på skjermane. Associated Press hadde allereie publisert ei sak. Ho var kort, presis, og skriven nett som slike meldingar pleier å vere formulert. Grunnen til at det gjekk så raskt, var ikkje at AP hadde fått nyheita før nokon andre, men at teksten var skriven av ein robot. Amerikanarane, tenkte nok nokre, det er litt mykje Star Wars med dei. Amerikanarane veit ikkje korleis norsk lokaljournalistikk krev at ein er personleg til stades og har kunnskap som berre levande menneske kan handtere.

Eitt år seinare jobba ein kommunalrobot i VGs redaksjon. Han braut ein generell artikkel om gjelda til norske kommunar ned på kvar enkelt av dei 428 kommunane i landet. Det var berre å velje stad i ingressen, så handla heile saka om akkurat kor mykje din kommune skuldar, korleis han tek hand om gjelda, og – i 150 av variantane – korleis ordføraren ser ut. Teknologien var ikkje svært avansert, men resultatet skapte ei kjensle av at VG rykte mykje nærare lesaren.

Det same skjer når avisene lèt robotar skrive referat frå fotballkampar redaksjonen ikkje har råd til å dekkje, eller er lynraskt ute med vegmeldingar på mobilutgåva når det går eit ras, eller ei elv flommar over.

Vi journalistar nemner det aldri når vi forhandlar om løn, eller diskuterer plassen vår i det demokratiske kretslaupet, men mykje av det vi held på med, er sløv rutine. Det er grenser for kor mykje kreativitet det er råd å få plass til i ei sak om at oljeprisen går opp eller ned.

Etter at AP engasjerte robotar frå selskapet Automated Insights, har dei tidobla talet på korte børsartiklar. Robotane tullar ikkje med tala, noko journalistar nok innimellom har gjort. Robotane kjenner alle reglane i byrået si vidkjente Style Book, dei veit korleis direktørane stavar namna sine – og dei blir ikkje hengande ved kaffeautomaten store delar av dagen. Derfor vil robotane rykkje inn også i norske redaksjonar, og det skjer raskt.

Men kan dei likevel erstatte dei menneskelege journalistane, dei vesena som gjer feil, som av og til trur at ein femtedel er meir enn ein fjerdedel, ikkje veit at Ketil Solvik-Olsen skriv fornamnet utan j, og forvekslar Irak og Iran, med dei uoversiktlege konsekvensane det kan ha?

Laurdag 30. januar trykte Stavanger Aftenblad ein enkelt reportasje over 64 sider. Eit eige vedlegg, langt som ei normal bok, handla berre om korleis barnevernet hadde behandla ei ung jente med store problem. Det sterke trykket frå ei sak som journalisten hadde jobba med i fleire år, førte til at barnevernet på augneblinken bad om å bli granska. Reportasjen utløyste straks ein nasjonal debatt om korleis vi tek oss av barn som treng omsorg frå samfunnet.

To dagar seinare publiserte Nettavisen ei sak under tittelen «Dette er det mest sexy stjernetegnet». Saka var på 14 liner, i tillegg til lista over dei 12 stjerneteikna. (Steinbukkane er mest sexy, men det har jo vi som er fødde i januar, alltid visst.) Alt var klipt/sitert/stole frå svenske Expressen, som igjen hadde fått «fakta» frå ei datingteneste.

LES OGSÅ: Robot skal gå på skulen for sjuke born

Begge dei to artiklane hadde bylinebilete av journalisten. Dei er begge journalistikk slik omgrepet vanlegvis blir definert, men dei representerer dei ekstreme ytterpunkta i faget. Saka om «Glassjenta» i Aftenbladet krev engasjement, djup innsikt, evne til å halde ut, eit avansert språk, mot til å stå imot press og høgt utvikla evne til etisk refleksjon. Ho krev også ein redaksjon som kan støtte og supplere, leggje til rette og følgje opp. «Sexy stjerneteikn-kåringa» krev kunnskap om korleis copy/paste verkar.

Robotane kjem til å ete seg inn i faget frå den magre enden, frå den delen av journalistikken der språket er fattig og fullt av klisjear, innhaldet er rutinemessig og refleksjonsnivået lågt. Journalistar som ikkje vil bli slukt, gjer lurt i å søkje mot den andre enden.
 

Først publisert på NDLA.no under CC-BY-SA-lisens.

Faktaboks

Dette er saka

VG-saka om norsk kommuneøkonomi er eit eksempel på vellykka robotjournalistikk:

Så mye gjeld har din kommune