Hurra for verdas poesidag!

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. Kun ein liten del av universet (Paal Maage Eldstad)
Paal Maage Eldstad sin debut har blitt skildra som ein «skarp og leiken poesidebut». Eldstad er ein av fire finalistar som kjempar om Tarjei Vesaas debutantpris for Kun en liten del av universet.

Kropp, natur, heim, liv, seksualitet, lys, natt, død og sorg er nokre av temaa i diktsamlinga.

Framtida har sjølvsagt intervjua debutanten.

2. Bjørkebokstavar (Hilde Myklebust)

I diktsamlinga Bjørkebokstavar finn ein natur-, årstids- og leikedikt, illustrerte av Tone Lileng.

Eg heng

etter ei hand

frå ei grein

Kjenner vinden

bølgje i trekrona

Eg er ein kongle

eller ein knopp

Mor ropar frå trappa:

No kjem du deg ned!

Men ho veit då vel

like godt som meg

at dette er ei hengebjørk

 

Bjørkebokstavar handlar om kor fint det kan vere å ha si eiga bjørk, men også om eit veldig, veldig høgt ønske om å få ein hund.

3. Eg er så nær morgonen eg kan kome (Veronika Erstad)

Veronika Erstads Eg er så nær morgonen eg kan kome, er ei diktsamling om livet og naturen.

– Eg nyttar poesien til å skildre ei stemning eller kjensle. Ein bruker andre ord for å få fram ei stemning eller kjensle. Dikt har eit anna og meir bevisst språk enn noko av prosaen. Språket blir viktigare i seg sjølv, noko eg tykkjer er veldig fint. Det er nesten ikkje så viktig kva som står der, men måten ting blir sagt på vert litt annleis. Det vert på ein måte eit meir vakent språk, seier Erstad i dette intervjuet med Framtida.no.