Til gjengjeld skal lønsveksten ned, pensjonsalderen opp og sjukeløna kuttast.

NPK-NTB
NPK-NTB

Miljøpartiet Dei Grøne bør byta ut kravet om sekstimarsdag med ei ekstra ferieveke, meiner eit utval i partiet.

– Hovudmålet er å auka livskvaliteten til menneska utan å overskrida bereevna til økosystema, blir det slege fast i rapporten frå partiutvalet.

Bilfritt sentrum og meir ferie er døme på tiltak som gjev høgare livskvalitet utan at forbruket aukar. Eit anna døme er å gje pengar til utviklingsprosjekt slik at levestandarden aukar i andre land i staden for i Noreg, blir det peikt på.

Partiutvalet vil stoppa all leiting etter olje og gass og fasa ut all petroleumsverksemd innan 2035. Med ein handlingsregel på 3 prosent må skattane aukast for å betala for velferd, vedgår utvalet.

Utvalet slår fast at nye utvidingar av velferdsstaten må unngåast og at veksten blir lågare innan helse og omsorg. I tillegg blir det føreslege å auka den nedre pensjonsalderen frå 62 til 64 år, kutta i sjukelønsordninga, fjerna pendlarfrådraget og avvikla BSU-ordninga. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE