Tradisjonell norsk påske på frammarsj
Åtte av ti som skal på påskeferie, blir i Noreg. Endå fleire enn i fjor oppgir at dei vil ha hyttepåske med venner og familie, ski og friluftsliv i sentrum.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det kjem fram i ei undersøking gjennomført av TNS Gallup på vegner av NHO reiseliv. Halvparten av dei spurde skal på påskeferie i år, og av desse skal fire av fem feriere i Noreg. Dette er på nivå med i fjor.
– Nordmenn elskar tradisjonar, og få høgtider har fleire tradisjonar enn påsken. For dei fleste av oss er det utenkjeleg å gjere noko anna enn å dra til fjells med familie og venner i denne høgtida, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv til NTB.
– Samtidig lever vi hektiske liv, og det i ei tid med uvisse og utfordringar. Å samle familie og venner i naturen og byggje samhald er nok noko vi verdset ekstra i vanskelege tider. Påskeferien kan slik sett bli eit pustehol for mange av oss.
Dei nære ting
Krohn Devold viser til at den største endringa gjeld kva folk planlegg å gjere i ferien, enten dei er i Noreg eller i utlandet. På toppen av lista over påskeferieaktivitetar i Noreg ligg hytta, skiaktivitetar, friluftsaktivitetar og samvær med familie og venner. Fleire enn i fjor seier at dette er aktivitetar dei prioriterer i år. Også for utanlandsfararane er dette ein tydeleg trend: Mange fleire enn tidlegare seier at ski- og friluftsliv, venne- og familiebesøk og opphald på hytte eller i feriehus er hovudmål for ferien i utlandet. Dei tidlegare listetoppane mat- og vinopplevingar, kulturopplevingar og storbyferie taper terreng blant utanlandsreisande.
Mens like mange som i fjor seier dei skal på påskeferie i utlandet, har delen som skal bu hos familie eller venner på utanlandsreisa, auka noko.
QUIZ:Prøv den store påskequizen vår!
Svekt krone
Etter oljeprisfallet sidan sommaren 2014 har ein svekt kronekurs gjort Noreg billegare samanlikna med utlandet. Det har fått æra for at både fleire nordmenn og utlendingar ferierer her til lands. Men den teorien held ikkje vatn for nordmenn, skal ein tru NHOs undersøking: 95 prosent seier svekt kronekurs har hatt liten eller ingen betyding for ferievalet.
Dårleg økonomi ser heller ikkje ut til å slå ut, og dei fleste trur dei skal legge omtrent like mykje pengar i påskeferien i år som i fjor.
Fleire reiselivsaktørar NTB har snakka med trur likevel valutakursen påverkar oss.
– Det er blitt dyrare å reise ut for nordmenn, og ikkje minst er det billegare for utlendingar å komme hit. Vi har hatt vekst heile vinteren, med rekord for jul og nyttår for svenskane, seier direktør for Beitostølen Resort Atle Hovi.
Tre veker før skjærtorsdag er 98 prosent av hotellrom, hytter og leilegheiter hos han bortbestilte for siste langhelg i påska.
Tidleg bestilling
Hovi seier han aldri har opplevd så tidleg påskebestilling blant nordmenn før:
– Ei årsak er at vi i år har tidleg påske, så å reise til fjells konkurrerer ikkje med å opne hytta ved sjøen eller å stelle i hagen heime. Det hjelper også at vi har mykje snø i fjellet.
Skistar eig og driv alpindestinasjonane Sälen, Åre og Vemdalen i Sverige og Hemsedal og Trysil i Noreg:
– Svenskar bestiller tidleg, mens nordmenn har vore meir spontane. No ser vi at nordmenn følgjer etter og bestiller mykje tidlegare enn før. Når etterspørselen er så stor, må ein vere ute i god tid for å sikre seg si favorittleilegheit eller hytte, seier pressekontakt Linda Morell
Faktaboks
FAKTA: Påskeplanar 2016
* Fem av ti nordmenn vil reise bort denne påska, mot seks av ti i fjor.
* Kvar fjerde nordmann vil ta ferie heile påska.
* Av dei som reiser bort, skal åtte av ti feriere i Noreg. Av desse skal to av tre på hytte, og fire av ti seier friluftsliv, ski, familie og venner blir sentralt.
* Blant dei utlandsfarande i 2015 var storbyferie hovudføremål med reisa, framfor mat-, vin- og kulturopplevingar, soling og bading. I år går interessa for desse aktivitetane tilbake, mens venner og familie seglar forbi og opp på delt førsteplass med storbyferien.
* Tre av fire reiselivsbedrifter trur vintersesongen i år blir på nivå med i fjor eller betre.
(Kjelde: TNS Gallup undersøking blant 1.200 personar over 18 år, på oppdrag for NHO Reiseliv) (©NPK)