Kva skjedde eigentleg den dagen då Jesu ikkje var i grava si likevel?

Nordmenn elskar påskekrim, men mange nyt påska utan tanke for det eigentlege påskemysteriet. Sett slikt! Skrell deg ei appelsin, finn fram kvikklønsjen, og bli med på ein liten tur inn i teoriane om kva som skjedde den gongen for lenge, lenge sidan, då Jesus skal ha stått opp frå dei daude.

Ulike versjonar av oppstandelsen
Påska er ei av dei sentrale kristne høgtidene, til minne om Jesu siste nattverd, død og oppstandelse.

Akkurat kva som skjedde er ikkje så lette å vite. Evangelia byr nemleg på mange ulike versjonar av påskeforteljinga. Det er heller ikkje berre i Bibelen ein finn teoriar om kva som skjedde og ikkje.

Ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo har dei sjølvsagt allereie spurt seg kva som eigentleg skjedde i påska. I ein artikkel på UiOs nettsider, drøftar stipendiatane Anders Martinsen og Ole Jakob Løland påsketeoriane saman med postdoc Lance Jennott.

LES OGSÅ: Dette kan du høyre på i påskeferien!

Ifølgje artikkelen er det store variasjonar i korleis dei ulike evangelia framstiller påska, og særleg når det gjeld kva som skjedde etter at Jesus stod opp att frå dei daude.

Ein kort og ein lang
Matteus, Lukas, Johannes og Markus har alle sin versjon.

I Matteusevangeliet møter disiplane Jesus berre éin gong. Då er dei langt unna Jerusalem, og Jesus befaler dei å alle folkeslag til hans disiplar.

I Lukas føregår derimot alt i og rundt Jerusalem, og Jesus syner seg fleire gongar for ulike disiplar. Her sender han dei heller ikkje ut for å formidle med ein gong, men ber dei vente i Jerusalem på den Heilage Andes kraft.

LES OGSÅ:…men når det kjem til salmesongen, då syng eg så høgt eg kan!

I Johannesevangeliet er det Maria Magdalena som først møter Jesus, og deretter møter disiplane han bak lukka dører i Jerusalem.

Markusevangeliet finst i seg sjølv i minst seks ulike variantar, kvar med sin versjon av påskeforteljinga. Desse kan ifølgje postdoc Jenott samlast i to hovudgrupper – ei lang og ei kort. Desse er like inntil eit visst punkt:

På den tredje dagen etter korsfestinga går nokre av kvinnene som fylgde Jesus til grava for å salve Jesu kropp. Då oppdagar dei at kroppen er vekke, og dei finn i staden ein kvitkledd mann som fortel at Jesus har stått opp att og at han vil møte dei i Galilea.

I den korte versjonen flyktar kvinnene i redsel, utan å seie eit ord til nokon. I den lengre versjonen møter Jesus først Maria Magdalena, deretter dei andre disiplane og Jesus befaler dei å forkynne for heile verda.

Kvifor så ulike versjonar?
I forskinga finst det ulike forklaringar på korleis dei ulike variantane av Markusevangeliet har oppstått. Nokre meiner den lange varianten er den opprinnelege, andre at den korte kom først, og at den siste delen vart lagt til for at historiene skulle bli likare på tvers av evangelia.

Jenott meiner den korte versjonen kan vere den opprinnelege, fordi den har størst samsvar med biletet av den lidande og audmjuka Messias. Gjennom påska fornektar den eine etter den andre Jesus, og til slutt er sjølv hans næraste vekke. Dermed utfordrar Markus sine lesarar til å overta rolla som disiplar, meiner Jenott.

LES OGSÅ: Metall-misjonærane byter ut Satan med Gud

Der finst også mange andre teoriar om kva som eigentleg skjedde med Jesus i påska. Døydde han eigenleg? Korleis? Og stod han faktisk opp att?

Ein av konspirasjonsteoriane stammar til og med frå Matteusevangeliet, der overprestane og farisearane fryktar at disiplane skal stele Jesu lik og fortelje at han har stått opp frå det døde. Dei ber Pilatus om å sikre grava ekstra godt, men trass ekstra forsegling og vaktmannskap, klarar dei ikkje å forhindre oppstandelsen.

Då bestikk overprestane soldatane som haldt vakt, og ber dei seie at disiplane stal liket.

Den utspekulerte Messias
Ein annan teori er at Jesus slett ikkje stod opp frå det daude, men at den såkalla oppstandelsen derimot er resultat av ein snedig plan frå Jesu side. I boka The Passover Plot frå 1965, hevdar bibelforskaren Hugh J. Schonfield at Jesus sjølv iscenesatte korsferstinga og døden.

I boka vert det hevda at Jesus forstod seg sjølv som Messias, men at han i mangelen på framgang framstiller seg sjølv som den lidande Messias i Jerusalem. I denne forteljinga er alt planlagt til minste detalj, frå korsfesting til oppstandelse.

Om du er no overtydd om at bibelhistoria er vel så spennande som påskekrimmen, kan du lese fleire teoriar på nettsidene til Det teologiske fakultet.

LES OGSÅ: Kyrkja vil lokke unge til å bli prest

Kjelde: Det egentlige påskemysteriet, Universitetet i Oslo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

ANNONSE