La moderne verdslitteratur, vikingar og pene…eh…personar du kanskje kjenner, underhalde deg i påska.

Faktaboks

Lesetips:

1. Napoli-kvartetten (Elena Ferrante)
2. Personar du kanskje kjenner (Synnøve Macody Lund)
3. Hard er mitt lands lov (Tore Kvæven)
4. Markspist Måne (Sally Gardner)
5. Utvelgelsen (Kiera Cass)
6. Du (Caroline Kepnes)
7. Meto: Huset (Yves Grevet)
8. Spring så fort du kan (Sofia Nordin)
9. Slipp Hold (Heidi Sævareid)

LES FAKTALUKK FAKTA

Leitar du etter noko å lese i påska? Frykt ikkje. Framtida.no har samla forlagas beste tips til kva du kan ha attåt påskeegget.

Krøll deg saman i sofaen med litt moderne verdslitteratur, og hiv innpå med alle dei tre banda i Napoli-kvartetten frå Elena Ferrante. Marknadsjef Anne Liv Hovda Tresselt i Samlaget skriv:

– Vi misunner alle som ikkje har begynt på romanen om det livslange vennskapet mellom Elena og Lila. På kjøpet får ein historia om etterkrigstida i Italia og Napoli.

Ønskjer du noko meir heimleg, kan Personar du kanskje kjenner kanskje vere noko. Debutromanen til Synnøve Macody Lund byr ifølgje Samlaget på sterke, samansette portrett av tenkjande, intelligente kvinner – som likevel gjer dårlege val.

VG trilla firar, medan Dagsavisen meinte alle som trur forfattaren berre er ho pene, langbeinte, sikkert litt dumme blondina frå TV, vil få fordommane i trynet.

Dette meinte vår journalist meiner om den saka: Synnøve Macody Lund er vakker

Historisk trøkk
For dei som tåler ein trøkk og likar historie, tilrår nynorskforlaget Hard er mitt lands lov. Tore Kvæven har ifølgje Samlaget skrive «eit vanvittig actionfylt vikingdrama».

Fall ikkje desse i smak, kan du teste den kritikarroste Markspist Måne av Sally Gardner. Boka handlar om ein dyslektisk helt i eit alternativt samfunn. Forfattaren sjølv lærte å lese då ho var 14 år.

Les vårt intervju med Sally Gardner her.

Romantikk
Er du meir sugen på litt romantikk, kan du prøve deg på Utvelgelsen, som ifølgje Anne Iversen i forlaget Vigmostad & Bjørke er «Hunger Games møter reality-TV i romantisk innpakning». Bøkene er solgt til nærare 40 land og toppar bestseljarlistene. Film skal det også bli og Warner Bros har kjøpt rettane.

Krim
Svergar du til god, gamaldags krim i påska kan du teste Du av Caroline Kepnes. Debutkrimen vert av forlaget skildra som «ei skremmande forteljing om kor sårbare vi gjer oss når vi leggjer att personleg informasjon om oss sjølv på nett». Historia om ein ung forfattar som får ein skummel type på nakken, kan inspirere til å logge av Facebook, Insta og Snapchat, og tilbringe påska med ein kynisk og manipulerande stalker…

QUIZ: Er du god på krim? Prøv krim-quizen vår!

Brutalt
Tørstar du etter noko meir brutalt, kan du prøve deg på Meto: Huset. I denne romanen er 64 gutar sperra inne i eit hus på ei isolert øy. Dei lever i ei verd med strenge reglar og rutinar, og hugsar korkje kven dei er eller kvar dei kjem frå. Dei veit at dei må reise når dei blir store, men kva skjer når vaktene hentar dei for siste gong?

– Dette er ei bok frå ei brutal røynd. Intens, spanande og original! meiner Johanne Hille-Walle i forlaget Mangshou.

Kva ville du gjort om alle andre var døde og du var den einaste overlevande? I Spring så fort du kan skriv Sofia Nordin om vanlege tenåringar sine følelsesliv og problem i ein ekstre situasjon. Boka handlar om ein fjorten år gamal sjenert gut og to jenter.

Vil du heller fordjupe deg i grenser og frigjering, kan du prøve deg på Slipp Hold av Heidi Sævareid. Ho skildrar 18 år gamle Mari si reise gjennom eit til tider destruktivt forhold med Torger, til utforsking av tilhøyrsle, frigjering og det å henge frå taket i krokar…

Les kva forfattar Heidi Sævareids tenker om grenser og sex: «Skrekken var at han skulle kjenne seg latterleg i senga»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE