Sjå den geniale oppfinninga til 16-åringane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå den geniale oppfinninga deira

Førsteklassingane på Teknisk Industriell Produksjon (TIP-linja) ved Knarvik vidaregåande skule har nemleg funne opp «Hjulhjelparen». Eit enkelt og tilsynelatande genialt verktøy som gjer det svært lett å skifta dekk på bilen. 

– Det er eit verktøy som skal hjelpe deg å skifta dekk. Det blir ikkje så tungt å løfta, og det blir mindre styr. Det er vel eigentleg det, seier Steinar Feste Kvamme (16) til Avisa Nordhordland om oppfinninga han og fire klassekameratar står bak. 

Alle har entreprenørskap som valfag seks timar i veka. Oppfinninga er eit resultatet av elevbedrifta Lecko UB som dei har jobba med gjennom heile dette skuleåret.

– Vi fekk i oppgåve å laga eit produkt, og då tenkte vi «kva skal vi gjere?» Vi hadde lyst til å finna opp noko nytt, og begynte å tenka på kva som irriterer oss. Då kom vi på at det å skifta dekk er ein tung jobb å gjere, seier Feste Kvamme.

Deretter vart fleire variantar testa ut.

– Vi forsøkte fleire prototypar. Først eit sekkehjul som skulle skru opp dekket, men det viste seg å vera litt tungvint. Deretter kom vi opp med stanga, det enkle er ofte det beste, smiler 16-åringen.

SJÅ OPPFINNGA HER:

– Alltid litt «styr»
Onsdag vart «Hjulhjelparen» kåra til «beste innovative produkt» då alle dei vidaregåande skulane i Hordaland var samla i Grieghallen til konkurranse i entreprenørskap. I alt 103 ungdomsbedrifter deltok. At det skulle gå så bra i fylkesfinalen var ikkje forventa.

– Nei, eigentleg ikkje. Det var mange andre flinke folk der som hadde andre gode løysingar på problem, seier Feste Kvamme.

– Kven av dykk var det som kom opp med denne idéen?

– Det var meg som hadde idéen. Men læraren sette meg på sporet av noko. Ho kom med litt forskjellige idear, og så tenkte eg at det kunne gjerast så enkelt, seier han.

16-åringen er svært bilinteressert og mekkar mykje på heimebane. Dekkskifte har alltid vore litt «styr».

– Eg har skifta dekk nokre gonger i året. Det er jo litt styr, det med å treffa bolten i gjengane, og så manglar du ein arm, beskriver 16-åringen. 

Biltema er draumekunden
Verktøyet dei har funne opp er i stål, med ein spesiell messingtupp som gjer at gjengane ikkje blir øydelagde når ein stikk hjulhjelparen inn i holet. Deretter glir dekket lett på plass.

– Vi forsøkte ut litt forskjellige typar bøygde stenger. Deretter prøvde vi heime, og den funka som berre det. Vi har også fått hjelp av RadøyGruppen til å designa og gjere den litt meir fancy og tøffare, fortel Feste Kvamme.

Dei brukte eit halvt år frå idé til ferdig produkt. No håper nordhordland sitt svar på Petter Smart at «hjulhjelparen» kan komma i sal.

– Vi har lyst til å få hjelp av nokon til å produsera den. I dag produserer vi ein og ein på skulen. Då vi viste den fram på messa, var det mange som hadde lyst på den, så draumen er å få den i produksjon. Biltema er draumekunden vår.

– Korleis skal de jobba med dette produktet vidare?

– Vi kjem til å høyra med litt forskjellige små bedrifter.

– Er det nokon som har signalisert ja?

– Nei, vi har eigentleg ikkje tenkt på det til no. Først vil vi få den i produksjon.

Patent har ikkje vore tema til no.

– Vi har jo lyst til det, men det er svært dyrt å ta patent, så det har vi ikkje gjort enno.

– Er dette ei oppfinning de håpar å bli rike på?

– Hehe, ja, kanskje. Viss forlk er like interessert som dei har vist på messe, så håper eg jo at den kan bli seld i stor skala i Norden.

Kathrine Molvik er lærar
Gjengen i Lecko UB består ellers av Gardar Bogetvedt, Mathias Verlo, Simon Wilhelmsen og Marius Furnes. Firmanamnet valde dei heilt tilfedig.

– Det var berre eit namn vi kom på, det kom i lause lufta, seier Feste Kvamme.

– Kva er det kjekkaste med å jobba med entreprenørskap?

– Det å utvikle noko og følgja det heile vegen frå idé til produkt er kjempekjekt. Ein får føla både på oppturar og nedturar. Så har det også vore stress før det har braka laust, beskriv han.

Læraren deira er FeC-gründer Kathrine Molvik, som nyleg vart kåra til årets kvinnlege gründer og vann ein halv million kroner. Ho har også gitt gründerråd til statsminister Erna Solberg nyleg.

– Ho har hatt trua på oss, seier dei om læraren.

– Har ho komme med mange innspel i prosessen?

– Ikkje så mykje, men vi har jo fått hjelp og veiledning i korleis vi skal gå fram.

Løyser praktisk kvardagsproblem
Ingrid Stensnes er ansvarleg for Ungt Entreprenørskap i Hordaland.

– Dei har vore utruleg gode heilt frå idé til produkt. Dei har teikna skisse, testa ulike prototypar og samarbeida med lokalt næringsliv for laga 3D-modellar, seier Stensnes til Avisa Nordhordland.

I juryen si grunngjeving heiter det:

«Lecko har gått heile prosessen frå idé til ferdig realisert produkt. Dei løyser eit praktisk kvardagsproblemsom angår dei fleste som skiftar dekk sjølv, og innovasjonen er enkel og konkret. Lecko viser gode evner til å integrera fleire samarbeidspartnarar og jobbar allereie no med vidareutvikling basert på tilbakemeldingar på produktet. Eit eksempel på at eit nytt produkt ikkje treng å innehalde ny teknologi så lenge designet løyser eit problem. Juryen lot seg imponera av prototypen – den var enkel, men løyste eit problem.»

Bedrifta fekk også 3. plass for beste utstiling. Beste ungdomsbedrift vart Barnas Kjøkken frå Metis Akademiet.

Les saka i Nordhordland!

Faktaboks

Ungt Entreprenørskap (UE) er ein ideell, landsdekkeade organisasjon som saman med skuleverket, næringslivet og andre aktørar jobbar for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv.

UE Hordaland:
• tilbyr eit tjuetals pedagogiske program – frå grunnskule til høgare utdanning.
• bidrar til å bygge opp elevar og studentars entreprenørskapskompetanse.
• gjennomførte 8115 elev- og studentaktivitetar i 2015.
• engasjerte 1262 personar frå arbeids- og næringsliv i entreprenørskapsaktivitetar i skulen.
• har samarbeidspartnarar frå offentleg sektor og privat næringsliv.
Ungdomsbedrift (UB) gjev elevar i vidaregåande skule erfaring med bedriftsetablering innanfor trygge rammer. Gjennom eit skuleår skal elevane etablere, drive og avvike ei ungdomsbedrift med lærar som rettleiar og ein mentor frå lokalt næringsliv. Elevane arbeider ut ifrå ein konkret produktidé og realiserer denne gjennom produksjon, marknadsføring og sal. Grunnlaget for bedrifta er elevane sine eigne idéar, basert på ein prosess med idé- og produktutvikling.

Kjelde: Ungt Entreprenørskap