– Må bli vanleg å skriva nynorsk i aust

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han kan bli ny mållagsleiar

– Eg kjem frå Østfold og frå min ståstad er det eit mål at det skal bli heilt vanleg og normalt for folk på Austlandet å skrive nynorsk, at ikkje dei skal bli utsette for press om å tilpasse seg til bokmål. Det gjeld både innfødde og nytilflytta, seier Magne Aasbrenn i ei pressemelding frå Noregs Mållag.

Nynorsk sidan 1991
60-åringen frå Fredrikstad er i dag lektor ved Frederik II videregående skole. Han har vore nynorskbrukar sidan 1991 og leiar i Østfold Mållag sidan 2002.

Aasbrenn har vore ein ivrig forkjempar for østfolddialekten i ei årrekkje. I 1978 debuterte han med romanen Banna ben på fredrikstaddialekt, seinare har det vorte fleire bøker, mellom anna Hjelpebok i nynorsk for østfoldingar (1990).  

Han var òg ein aktiv medspelar då Fredrikstad Blad i høve Språkåret 2013 gav ut ei heil avis utelukkande skriven på fredrikstaddialekt.

Inspirert av dette gav Bergens Tidene ut heile avisa på nynorsk i samband med 200-årsjubileumet for Ivar Aasen 5. august, same år.

– Det syner at østfoldingane også kan vere med å gje hjelp til nynorsken i Bergen og på Vestlandet, meiner Aasbrenn.

– At eg no er blitt beden om å bli leiar i Noregs Mållag, ser eg som ein god skulderklapp for at østfolddialekten er ein naturleg medlem i dialektfamilien i Noregs Mållag.


Det nye nye styret (sjå faktaboks) skal veljast på landsmøtet til Noregs Mållag, 15.-17. april 2016 på Hotell Terminus i Bergen.

På Twitter skriv toppkandidaten sjølv dette:

Aasbrenn vil mellom anna jobba for at kommunereforma ikkje skal gå utover nynorsken, å sikra nynorsken i randsonene og at sidemålsordninga skal liggje fast.

QUIZ: Skjønar du Østfold-dialekt? Test deg sjølv her!

Faktaboks

Framlegget til nytt styre ser slik ut: 

Leiar Magne Aasbrenn (60) frå Fredrikstad, leiar i Østfold Mållag, forfattar og lektor ved Frederik II videregående skole.

Nestleiar Jens Kihl (29) frå Oslo og politisk journalist i Klassekampen. Har tidlegare hatt fleire sentrale verv i målrørsla som leiar i Norsk Målungdom og nestleiar i Noregs Mållag.

Inger Vederhus (62) oppvaksen i Flora og bur i Bærum, førstelektor i norsk ved grunnskulelærarutdanninga, Høgskolen i Oslo og Akershus. 

Inger Johanne Sæterbakk (34) oppvaksen i Orkanger og bur i Oslo, kommunikasjonsrådgjevar hjå Norges Bondelag, 

Peder Lofnes Hauge (27) oppvaksen på Sandane i Gloppen og bur i Bergen, politisk rådgjevar for sosialbyråd for Venstre i Bergen. 

Ingrid Fiskaa (38) oppvaksen og bur på Bryne, lektor ved Sandnes vgs.

Varafolk: 1. vara: Haakon Aase (66), Meland, 2. vara: Randi Lohndal Frestad (68), Lista, 3. vara: Birgitta Lim Ersland (26), Oslo og 4. vara Øyvind Fenne (64), Fræna.

Landsmøtet i Noregs Mållag er fredag 15. april til sundag 17. april 2016 på Hotell Terminus i Bergen.