Flest tenåringsabortar i nord

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flest unge tek abort i nord

I 2015 vart det utført 14 001 svangerskapsavbrot, noko som er 65 færre enn i 2014. Det viser tal frå Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet.

I går skapte KrF store overskrifter med sine nye forslag til abortførebyggjande tiltak, som at det skal innførast to dagar obligatorisk ventetid for kvinner som vil ta abort.

Flest tenåringsabortar i nord
Sidan 2008 har det vore ein jamn nedgang i talet på abortar. Aller størst er nedgangen i tenåringsabortar (15-19 år) frå 18,1 abortar per 1000 kvinner i 2008 til 8,3 i 2015.  

– Dei siste aborttala viser den lågaste rata for aldersgruppa 15-19 år sidan registreringa starta i 1979. Berre i dei tre nordlegaste fylka var talet framleis over 10 avbrot per 1000 kvinner i 2015, seier overlege Mette Løkeland ved Abortregisteret. 

LES OGSÅ: Etterlyser historier om abort

Oslo på topp
I aldersgruppa mellom 20 og 25 år har talet òg gått ned frå 30,7 i 20018 til 21,1 abortar per 1 000 kvinner. Talet på abortar i denne gruppa er no den same som for kvinner i alderen 20-29.

Om ein ser på alle aldersgrupper samla er det Oslo, Finnmark og Troms hadde flest abortar per 1 000 kvinner i 2015.

På botnen finn ein Vest-Agder, Møre og Romsdal og Aust-Agder.

LES OGSÅ: Nær ni av ti vel abort ved Downs-diagnose

Fleire til abortnemnda
Åtte av ti sjølvbestemte abortar vart utførde før 9. svangerskapsveke, dei fleste av desse med medikamentell behandling, som er den vanlegaste abortmetoden.

Retten til sjølvbestemt abort varar opptil veke 12 i svangerskapet. Etter dette  må svangerskapsavbrot avgjerast av ei nemnd. I fjor vart 590 abortar utførde etternemndbehandling. Det er 44 fleire enn året før.