Oljeselskap avsluttar kunstsponsing

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aktivistane i «BP or not BP?» kunne fredag førre veke jubla for at oljeselskapet har beslutta å avslutta sin til no 26 år lange sponsoravtale med Tate-museuma i 2017.

– Me kallar det kunstvasking når bedrifter bruker kunst til å reinvaske sitt tilsmussa omdømme. Det er viktig for oss å opptre og ta tilbake desse scenene for publikum og kunsten.

Det sa britiske Chris Garrard i «BP or not BP» til Framtida.no, då me møtte ei gruppe internasjonale aktivistar i Paris i forkant av ein preformace utfor legendariske Louvre.

Kunstnargruppa Liberate Tate, som har aksjonert for dette i seks år, erklærte på si Facebook-side at: «Dette er ein manifestasjon av byrjinga på slutten for oljealderen. No må alle andre BP-sponsoravtalar opphøyra.»

Etter mykje press offentleggjorde Tate i fjor kva summar det er snakk om. Over ein 17 års periode har dei ifølgje The Guardian fått til saman 3,8 millionar britiske pund frå BP. Dette utgjer om lag 0,5 prosent av galleria sitt årlege budsjett.

LES OGSÅ: Fryktar oljesponsing fører til kultur-sensur

Neste kampsak
Ei talskvinne for BP avviser at avgjerda om å ikkje forlenga sponsoravtalen er påverka av aktivistane. Ifølgje BPs øvste sjef i Storbritannia kom den vanskelege avgjerda som ei følgje av ein ekstremt utfordrande marknadssituasjon.

Etter at The Independent avslørte nyheita om at BP ikkje forlengjer sponsoravtalen sin med Tate, når avtalen går ut i 2017, var «BP or not BP?» tidleg ute med å erklæra neste steg.

Fredag kveld lyste aktivistar opp bilete av Deepwater horizon-ulukka på veggen til The British Museum, som òg vert sponsa av tidlegare British Petroleum.

Chris i «BP or not BP?» hevdar i ei Facebook-oppdatering frå gruppa at BP si sponsing av The Science Museum ikkje er filantropi (ei handling til gode for andre, utan tanke på eiga vinning, red.anm.), men ein måte å legitimera at dei held fram med høg-risiko-prosjekt, som ultra-djupvassbrønnar i Den australske bukta.

Organisasjonen jobbar òg mot BP si sponsing av The National Portrait Gallery, The Royal Opera og The British Museum, som i fjor fekk i fjor kritikk for BP sponsinga av ei utstilling om australske urfolk.

Desse institusjonane skal fornya sponsoravtalene dei neste åra.

Saka hald fram under videoen:

Norsk optimisme
– Med éin stor siger i bagasjen ser det lysare ut enn nokosinne, kommenterer norske Ragnhild Freng Dale, som er aktiv i «Stopp oljesponsing av norsk kulturliv».

Ho er overtydd om at den negative merksemda rundt sponsorforholdet, og dei kreative protestane, er medverkande årsakar til at avtalen no vert avslutta.

Freng Dale trekkjer parallellar til forholda rundt Statoil og By:Larm-stipendet, som vart avslutta i 2013.

– Når me veit at 80 prosent av dei fossile ressursane me kjenner til må bli liggjande i bakken om me skal ha nokon sjans til å redusere den globale oppvarminga til eit leveleg nivå, er fossilbransjen ein dårlig samarbeidspartnar både med tanke på klima og forutsigbarheit. No som olja går dårleg òg her heime, så er det smart av kulturlivet å ikkje satsa alt på at slike avtaler vil halde fram, men heller sjå framover og tenkje kva som er gode sponsorsamarbeid for framtida, avsluttar Freng Dale, som lovar at «arbeidet for ein fossilfri kultur rullar vidare».