Prøvde å juksa seg til moped­lappen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.

Ein ung mann blei fredag føremiddag tatt på fersken då han prøvde å juksa seg til teoriprøven for moped på Stord trafikkstasjon. I tillegg til at prøven blei avbroten og sett til ikkje godkjent, har vegvesenet meldt saka til politiet.

LES OGSÅ: John (100 ½ år) fornya lappen

– Måten juksinga var forsøkt utført tyder på at det ikkje var andre involverte enn kandidaten som var inne på prøven, seier seksjonsleiar Torbjørn Brosvik i Statens vegvesen.

Dei siste dagane har det vore mykje snakk om organisert juks i riksmedia, etter at NRK avslørte organisert juks. Ifølgje Brosvik er det ikkje grunn til å setja hendinga på fredag i samanheng med dette.

– Like fullt ser me svært alvorleg på juks på teoriprøven. Det er ikkje kjekt med folk i trafikken som ikkje kan grunnleggjande trafikkreglar og ikkje veit korleis ein skal oppføra seg i trafikken. I dette tilfellet var det snakk om førarkort på moped, og der er det heller ingen praktisk prøve, slik at teoriprøven er nok til å få førarkort, seier Brosvik.

LES OGSÅ: Diabetes-råka kan miste førarkortet

– Kor vanleg er dette på Stord?

– På Stord har me ikkje avdekt så mykje. Men om det betyr at det har vore lite juks eller at me ikkje har vore merksame nok, er ikkje godt å vita. Det som er sikkert, er at me har oppdaga ein