Faktaboks

Operasjon Dagsverk (OD) er skuleelevanes årlege internasjonale solidaritetsaksjon. Aksjonen består av to delar, en informasjonskampanje og sjølve OD-dagen. Vanlegvis deltek over 150.000 elever og lærarar fordelt på 5500 ungdoms-, vidaregåande- og folkehøgskular. Til vanleg samlar desse inn rundt 30 millionar kroner. 

SAIH (Studentene- og Akademikernes Hjelpefond) vart stifta i 1961 og er Noregs største studentrørsle for internasjonal solidaritet. SAIH støttar 40 organisasjoner i 7 land i Latin­-Amerika og sørlege Afrika.

Kjelde: OD, SAIH

LES FAKTALUKK FAKTA

I 2014 vart 138 skoler colombianske skular angripne eller okkupert av væpna grupper.

Landet er eit av dei farlegaste å være lærar i. Mellom 2009 og 2012 vart 140 lærar drepne.

Landet har i dag mellom 5.000 og 14.000 barnesoldatar. Mange elevar er ikkje trygge på skulen og mange av dei som kjempar for sine rettar vert truga på livet.

LES OGSÅ: Historisk dom om sexslaveri kan gje globale ringverknadar

Årets OD-kampanje
Gjennom Operasjon Dagsverk (OD) skal norske elevar bruke ein arbeidsdag for å tene pengar til utdannings- eller utviklingsprosjekter for ungdom i fattigare land.

Denne veka er representantar frå skular over heile landet samla på Elevtinget i Oslo.

Måndag stemte dei fram SAIH-prosjektet «Utdanning: Et kraftigere våpen» som vinnar av årets OD-kampanje.

Årets OD-kampanje frå SAIH (Studentene- og Akademikernes Hjelpefond) skal:

– Bidra til trygge lokalsamfunn og trygge skular.

– Gi ungdom opplæring i rettar og demokrati.

– Gi ungdom opplæring i leiing og politisk påverknad.

– Skulen skal vere er ein stad for læring, ikkje militær rekruttering!

LES OGSÅ: OD-pengar til seksualopplysning

6 millionar på flukt
– Trass i at menneskerettssituasjonen i mange latinamerikanske land er uhaldbar, prioriterer Noreg no ned regionen i bistands- og utanrikspolitikken. Valet av Operasjon Dagsverk 2016 viser at norsk ungdom ikkje er einige i denne kursendringa.

Det seier Nicklas Poulsen Viki, leiar i SAIH (Studentene- og Akademikernes Hjelpefond), på nettsidene til Operasjon Dagsverk (OD).

Han trur prosjektet vil vere viktig for å hjelpa ungdom i Colombia å byggja varig fred i landet.

Colombia har vore herja av borgarkrig sidan 1964. Hovudpartane er geriljagruppene FARC og ELN, som kjempar mot regjeringa. Borgarkrigen har kosta over 220.000 menneskjer livet og gjort 6 millionar til flyktningar i eige land.

I september i fjor kom eit gjennombrot i fredsforhandlingane og i januar i år, ba partane om å få ein FN-styrke til å overvaka våpenkvila.

Du kan lesa meir om konflikten i denne bakgrunnssaka frå Globalis.

Dei andre kandidatane til årets Operasjon dagsverk var Caritas sitt prosjekt for å sikra at gatebarn i Vietnam får gå på skule og Strømme-stiftelsen sitt utdanningsprosjekt i Myanmar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

Kommentarar

ANNONSE